Vinter over heile landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kort summert opp vil vintervêret stort sett halde seg på same nivå som no gjennom helga og til slutten av neste veke. Det betyr kalde temperaturar og litt snø, men lite vind utover veka.

Varsla om sprengkulde har ikkje slått til enno, men statsmeteorolog Vibeke Wauters Thyness seier til NTB at dei milde temperaturane berre er forbigåande.

– I dei nordlegaste fylka vil det framleis vere kaldt. Det kjem inn skyer med snø, og temperaturen stig frå minus 30 til minus 10 grader. Det vil framleis vere kaldt, og det vil halde seg rundt same nivå fram til søndag og natt til måndag då temperaturen vil falle igjen, seier ho.

LES OGSÅ: Amerikanske forskarar spår ein kald norsk vinter 

Meir snø i nord
Kystområda i Finnmark og Troms vil kunne rekne med mellom null grader og minus fem, medan temperaturen i Nordland vil liggje på mellom fem og ti minusgrader. Det vil snø gjennom heile helga, men mest på søndag i dei nordlegaste fylka.

– I Trøndelagsfylka har ein langvarig frålandsvind sytt for svært kalde temperaturar. Det er framleis fare for gras- og lyngbrann på grunn av berrfrost, men det kan komme snøvêr i helga, seier Wauters Thyness.

Meteorologisk institutt sende ut eit OBS-varsel torsdag for Trøndelag om nettopp stor gras- og lyngbrannfare i område utan snø, fram til det kjem nedbør av betydning.

LES OGSÅ: Stjerneskot avslører kald vinter 

Brannfaren minkar
Ifølge statsmeteorologen vil det komme mest nedbør søndag, opptil fleire centimeter. Brannfaren vil dermed minke, og nedbøren kan også sørgje for noko temperaturendringar.

– I Sør-Noreg sør for Stad og Dovre i tillegg til på Vestlandet til og med Møre og Romsdal vil det halde seg kaldt gjennom helga, men noko mindre kjølig enn dei siste dagane. Lågast temperatur vil fredagen kunne by på, og deretter vil det stige gjennom helga. Det kan bli store temperaturforskjellar, avhengig av om det er ytst på kysten eller i innlandet. Ved Voss og indre strøk kan det blir rundt 15 minusgrader, seier ho.

På Sørlandet vil det vere lange periodar med sol gjennom helga. Vêret vil vere stille og roleg.

LES OGSÅ: Kortare vinter gir meir flått 

Varmare til veka
På Austlandet vil det framleis vere kaldt gjennom helga. Det vil framleis komme mykje snø, men det er noko avhengig av skydekket.

– Det stoppa litt opp natt til torsdag, og temperaturen steig i hovudstadsområdet, men fall vidare austover. Temperaturutviklinga er avhengig av skydekket, men det er potensial for veldig låge temperaturar, slår ho fast.

Stort sett blir det stille og roleg vêr austafjells med lite vind og kaldt, og temperaturen vil stige forsiktig gjennom helga.

Starten av neste veke byr heller ikkje på store endringar. Det vil halde seg kaldt og roleg over heile landet, med snøvêr i kystnære strøk av og til.

Statsmeteorologen er derimot forsiktig med å slå fast at vinteren er kommen for alvor.

– Det er antyding til at det tar slutt frå midten av veka og fram til neste helg, seier statsmeteorologen.

Eit solid høgtrykk i Atlanterhavet blokkerer for lågtrykka, og det kjem kaldluft frå Russland og polområda. Då vil Nord-Noreg vere mest utsett for framleis kalde temperaturar. (©NPK)