Éin av tre seier terror påverkar ferieplanane

Kvar tredje nordmann seier at terrorfrykt påverkar ferieplanane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin av tre seier terror påverkar ferien

Litt over halvparten, 55,6 prosent, svarar at terroren ikkje påverkar kva for reisemål ein vel i ferien, mens 11,4 prosent er usikre. Det siste året har terroristar slått til mot utanlandske turistar i populære ferieland som Egypt, Tunisia, Frankrike, Thailand, Filippinane og no sist Tyrkia.

Det kjem fram i ei undersøking InFact har gjort for VG.

Ein gjennomgang VG har gjort, viser at minst 400 turistar er drepne i terrorangrep dei siste tre tiåra.

– Det verkar å vere IS' strategi å ramme økonomien i eit land som allereie har politiske problem. Folk har fram til no tenkt seg om to gonger før dei har bestilt reise til Tyrkia. No vil dei tenkje seg om tre gonger, seier Midtausten-ekspert Cecilie Hellestveit ved International Law and Policy Institute (ILPI).

Ho viser til sjølvmordsangrepet i hjarta av turiststrøket i Istanbul tidlegare denne veka, der 11 turistar, ti av dei tyske, vart drepne.

Internasjonale terrorekspertar meiner IS, gjennom å rette sine angrep mot slike mål, ønskjer å sende ein tydeleg beskjed.

– Terroristane veit at når dei angrip slike mål, så vil dei fleste av offera vere utanlandske turistar. Dei veit også at ved å drepe utlendingar, så vil det ha større påverknad på det internasjonale samfunnet, seier terrorekspert Ercan Citlioglu ved Senter for strategiske studiar ved Baskent-universitetet i Ankara til Al Jazeera. (©NPK)