Norske kjendisbloggarar vil ta betalt

Med ein ny app kan brukarar måtte kome til å betale for nokre av bloggpostane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske bloggarar vil ta betalt

Norske toppbloggarar som Sophie Elise Isachsen, Caroline Berg Eriksen og Camilla Pihl, gjer no som Kim Kardashian og lanserer ein app, der dei skal ta betalt for innhaldet som vert publisert, fortel NRK.

I ein e-post til Dagbladet forklarer Sophie Elise Isachsen at appen førebels er under utvikling.

– Eg er opptatt av å utvikle meg heile tida derfor jobbar eg stadig med innhald til mange digitale kanalar. Appen min vil jo bli eit viktig verktøy for kommunikasjon og deling med følgjarane mine og forhåpentlegvis nå eit nytt og breiare publikum, forklarer ho.

LES OGSÅ: Linnea Myhre vil ha aldersgrense for blogging 

Isachsen seier vidare at godt, spennande og interessant innhald som engasjerer er ein føresetnad for at folk skal ville betale for å lese det.

– Bloggarane våre vil sjølvsagt halde fram med å leggje ut innhald ope på nett. Førebels er det vanskeleg å seie korleis sluttproduktet vil sjå ut, men vi har klart å lage ein app, som vil bli lansert i Noreg innan dei neste månadene, fortel Thomas Moen, internasjonal direktør i United Influencers. Selskapet har mange bloggarar i stallen.

Det kan vere aktuelt med prismodellar som liknar på dei norske mediehus har på sine Pluss-abonnement. (©NPK)