– Ei fordekt tvangssamanslåing
Ordførarar i småkommunar reagerer på forslag frå regjeringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ordførarar i fleire småkommunar meiner regjeringsforslaget til endringar i inntektssystemet for kommunane i realiteten tvingar småkommunane til å finne seg samanslåingspartnarar.
Småkommunane risikerer å få kutt i både basistilskot og småkommunetillegg med den nye ordninga. Likevel kan dei komme betre ut dersom dei blir graderte etter ein breiare distriktsindeks, slik departementet heller mot, skriv Kommunal Rapport.
Ordførar Inger Løite (Ap) i Gjerstad kommune i Aust-Agder fryktar konsekvensane av endringsforslaget og meiner kutta regjeringa foreslår, er større enn venta.
– Dette er berre ei fordekt tvangssamanslåing. Forslaga gir ikkje kommunar som Gjerstad noko val. Det synest eg er ille i og med at regjeringa har presisert at det ikkje skulle brukast tvang, seier Løite til avisa.
LES SAKA: Småkommunane kan få mindre pengar
Tvangsekteskap
Ordførar Mette Måge Olsen (Ap) i vesle Hof kommune i Vestfold meiner òg at forslaget tvingar dei inn i giftarmål.
– Dei seier kommunereforma skal vere frivillig, men tvingar oss i realiteten med økonomi. Vi slit med å kommunisere den økonomiske situasjonen ut til innbyggjarane, seier Olsen til Kommunal Rapport.
Hof vedtok tysdag trass stor motstand i kommunen å slå seg saman med Holmestrand. Olsen synest saka har vore vanskeleg å handtere.
– Det er ikkje greitt for oss lokalpolitikarar. Derfor ber eg på vegner av andre kommunar om at rikspolitikarane er tydelegare og tar meir ansvar.
QUIZ: Kan du dine kommuneslagord?
Reiseavstand
I forslaget føreslår regjeringa å bruka reiseavstand som kriterium for tildeling av basistilskot. Berre kommunar som har ein avstand på minst 25,4 kilometer, 16,4 kilometer eller 13,3 kilometer for å nå 5.000 innbyggjarar, skal få full pott.
Regjeringa kjem med dei nøyaktige satsane i kommuneproposisjonen i mai. (©NPK)