Spelkonsollar inneheld farlege kjemikaliar

Barn som ønskjer seg PlayStation, Xbox eller Wii til jul kan bli skuffa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inneheld farlege kjemikaliar

Forbrukarrådet oppfordrar nemleg foreldre til å styre unna handkontrollane til fleire av spelkonsollane.

Årsaka er at handkontrollane inneheld skadelege kjemikaliar. I testen til Forbrukarrådet er det berre to av elleve typar handkontrollar som ikkje inneheld slike stoff.

Tre kontrollar får strykkarakter og inneheld kjemikaliar som kan vere hormonforstyrrande og kreftframkallande.

LES OGSÅ:Tener opptil 50.000 i månaden på å spela data

– Testen viser at nokre av handkontrollane inneheld stoff som kan vere helseskadelege, og som er forbode i leiker, seier Gunstein Instefjord, som er fagdirektør for produkttryggleik, mat og handel.

Fordi spelkonsollar ikkje er definert som leiker, er ikkje produkta forbodne å selje.

– Det er uakseptabelt at ikkje spelprodukta skal leve opp til dei same krava som leiker. Farlege stoff burde vere forbode i alle produkt som barn og unge brukar, meiner Instefjord. (©NPK)

LES OGSÅ:Kvinnelege «gamerar» legg lettare på seg