Legg bort søndagsope-forslag

Den nye kulturministeren lyttar til motstanden.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa innser at det ikkje er mogleg å få fleirtal for full liberalisering for søndagsopne butikkar og legg vekk forslaget. Dei vil i staden sjå på andre løysingar for å sikra fleksibilitet.

Det opplyser den nye kulturministeren Linda Hofstad Helleland (H) til NTB.

Då høyringsfristen for forslaget om å endra heilagdagslova gjekk ut tidlegare i år, var det kome inn så mange som 7.000 høyringssvar, og saka har vekt stort engasjement.

LES OGSÅ: Massivt nei til søndagsope

– Ei full liberalisering av søndagsopne butikkar er det ikkje fleirtal for på Stortinget. Det er også motstand i folket. Eg lyttar til det. Difor har eg lagt forslaget om søndagsopne butikkar i ei skuff, seier Helleland. (©NPK)

LES OGSÅ: Søndagsope kan bli miljøbombe