Gjer endringar i regjeringa
NRK: Sandberg blir statsråd, men ikkje for innvandring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sandberg blir statsråd
Frp-nestleiar Per Sandberg blir statsråd, men han er ikkje den som skal inn i ein ny ministerpost med ansvar for koordinering av innvandringsfeltet, ifølgje NRK.
Kanalen fekk måndag opplyst at Sandberg skulle bli innvandringsminister, men det er avkrefta av kjelder i regjeringa.
Ifølgje NRK blir det oppretta ein ny ministerpost med ansvar for koordinering av innvandringsfeltet, ei oppgåve som i dag er delt mellom justisminister Anders Anundsen (Frp) og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp).
– Målet er å kunne sjå innvandringspolitikken i ein betre og meir heilskapleg samanheng. Det er ingen tvil om at dette blir viktig i åra som kjem, får NRK opplyst frå ei kjelde «med kjennskap til regjeringas arbeid på feltet».
VG og Aftenposten har allereie skrive at det ligg an til fleire endringar i regjeringa onsdag. Både Høgre- og Frp-statsrådar blir omfatta av endringane. (©NPK)