Luke 11: Ananas frå Sør-Amerika

Orda piraya, ananas og jaguar kjem frå guaraní.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spanske kolonistar tok med seg den spanske dialekta kastiljansk over havet og tok med fleire godsaker heim. Kva skulle me vel gjort utan ananas på pizzaen?

Språket guaraní er eitt av dei offisielle språka i Paraguay, Bolivia og delar av Argentina. Ein reknar med at det er førstespråket til kring 5 millionar menneske.

Språket høyrer til greina tupí-guaraní av den tupianske språkfamilien, som vert snakka over heile Brasil.

Her er nokre ord som europearar har teke med seg frå guaraní eller det nært slekta språket nhe'engatú:

Jaguar frå jaguarete

Ananas frå anana

Piraya frå pirãi, som tyder tannfisk

Nandu frå ñandu

Kjelde: Alkunne