Jenter som satsar på fjøs

Sjølv om talet på gardsbruk minkar, er behovet for avløysarar aukande.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hjå gardbrukar Dagfinn Barstad i Follestaddalen var det torsdag kveld avslutning på eit nybyrjarkurs for avløysarar. Og det var mjølking som stod på programmet. 10 personar, unge og middelaldrande frå ytre og indre strok, tok del på kurset som har gått over åtte veker. Ein kveld i veka har det vore halde teoriundervisning på Ørsta-meieriet og den andre kvelden har kursdeltakarane vore ute i felten og prøvd seg på grunnleggjande fjøsstell som inneber eit stort mangfald av oppgåver. Mellom deltakarane fann vi Marita Kalvatn Moe og Helene Engeset. Marita er vikar på Ørstaheimen medan Helene jobbar på Haugen Bok i Volda. På fritida held jentene mykje på med hestar.

– Den kunnskapen vi får på dette kurset kan kome godt med i høve hestehald, meiner jentene. Dei kjem truleg også til å prøve seg som avløysarar når dei føler seg klare for det. Etter at kurset er ferdig må deltakarane gjere åtte dokumenterte fjøsstell kvar for å få godkjent kurset.

Teknisk

– Å setje seg inn i alt det tekniske er mest utfordrande med å vere avløysar. Det kjekkaste er å halde på med dyra, ikkje minst småkalvane, seier Marita og Helene.

– Den viktigaste eigenskapen med å vere avløysar er at ein har lag med dyra. Dei fleste som melder seg på slike kurs trivst med å halde på med dyr. Det er også viktig at ein ser ansvaret med dette yrket, for det er ansvarsfullt, seier fagkonsulent Morten Feiring i Landbruk Nordvest, Ørsta.

Landbruk Nordvest plar halde avløysarkurs, som er finansiert av både fylkesmannen og studieforbundet, annakvart år. Behovet er absolutt til stades for fleire avløysarar sjølv om talet på gardsbruk vert redusert kvart år.

– Føremålet med dette kurset er å rekruttere fleire frilansarar. Per i dag har vi to faste avløysarar, ein i ytre og ein i Bondalen. I tillegg har vi nokre landbruksvikarar. Det er viktig å ha god tilgang til avløysarar til ei kvar tid slik at gardbrukarane kan ta ut ferie og ha frihelgar slik andre folk har, seier Feiring.

Han har god erfaring med avløysarkursa og fortel at nokre får seg arbeid ganske raskt.

LES SAKA I MØRE-NYTT!