Vil jobba mot press og evig jag

Marthe Emilie Hansen er nyvald leiar av ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei ære å bli vald til leiar, og eg ser på det som ei enorm tillit som eg håpar å leva opp til.

Dei viktigaste sakene ho vil jobba med dette året er arbeid med eit nasjonalt medverknadsorgan for ungdom, kommunereform og prosjektet «ulikskap er ingen definisjon».

– Det skal setjast fokus på LHBT-rettar, press blant ungdom og det evige jaget etter eit urealistisk ideal, seier Marthe Emilie Hansen til Framtida.no.

Ungdomspanelet skal jobba fram ein eigen dagsfestival i Molde 17. juni med både konsert og føredrag.

– Dette gjer me for å visa at ulikskap er noko ein skal vera stolt over, og for å legga til rette for ein betre balanse for ungdom, held ho fram.

Gode samtalar
– Korleis skal de få fylkespolitikarane til å høyra på dykk?

– Me har to valde kontaktar, så dei må me bli flinkare til å nytta oss av. I tillegg er gode samtalar og mykje lobbyverksemd viktig. Me har møter parallelt med fylkestinget, så der er eit gyllent høve

– Kva skal til for å gjera det meir attraktivt for ungdom å bruka kollektivtransport?

– Det må bli billegare, gå oftare og leggast til rette for, slår den nyvalde leiaren i Ungdomspanelet fast.

Ikkje alle kommunane i Noreg har sitt eige ungdomsråd, men i Møre og Romsdal er det annleis. Her har alle ungdomsråd.

– Men ikkje alle er like velfungerande dessverre. Dette er så klart noko me må jobba med, seier Marthe Emilie Hansen.

Best mogleg
– Kvifor bør alle kommunar ha eit medverknadsorgan?

– Det er viktig å ha eit medverknadsorgan på alle forvaltningsnivå. Ungdom må bli høyrt i saker som har noko med dei å gjera, og det er bare naturleg at dei får påverka det som har med framtida deira å gjera. Det er viktig at alle aspekt kjem fram for å skapa ein best muleg kommune.

– Korleis får ein til eit godt fungerande medverknadsorgan?

– Ein må ha engasjerte menneske, politikarar som tar dei på alvor, og vera flinke til å visa seg ute blant folk.

– Korleis skal Ungdomspanelet bli meir synleg?

– Me må bruka media i mykje større grad, og bli flinkare til å dela ting på Facebook, Twitter og liknande.