Eit halvt år til for norsk redningsskøyte i Middelhavet
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa forlengjer oppdraget for redningsskøyta Peter Henry von Koss i Middelhavet med seks månadar. Til no har skøyta redda over 1.200 menneske.
LES OGSÅ: Slik starta asylbarn-saka
Regjeringa gjekk fredag inn for at redningsskøyta Peter Henry von Koss, som har vore stasjonert på Mytilini på øya Lesvos i Hellas sidan juli i år, skal fortsette redningsarbeidet i Middelhavet fram til sommaren 2016. Redningsskøyta inngår i Frontex-operasjonen Poseidon.
– Noreg vil fortsette arbeidet med å redde liv til sjøs. Regjeringa vidarefører derfor støtta til Poseidon saman med Redningsselskapet. Sjøoperasjonen har som mål både å redde liv og å sikre yttergrensa, seier statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Vi hugsar krisene i nyheitsbiletet
Forlenginga av operasjonen vil koste cirka 1,5 millionar kroner.
Så langt i år har 680.000 flyktningar og migrantar kryssa Middelhavet, ifølgje den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM). Fleire tusen har omkomme på havet under reisa til Europa. (©NPK)