Hordaland vurderer å kutta bokbåten
Innstrammingar gjer at det kan bli slutt på tilbodet med bokbåten Epos i Hordaland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I budsjettforslaget for 2016 føreslår fylkesrådmannen å leggja ned tilbodet, fortel NRK.
Bokbåten blei tidlegare i år kåra til «Årets bibliotek» i Hordaland, men dersom forslaget blir vedteke betyr det at bokbåten Epos frå 1. juli neste år er historie i fylket.
Nedskjeringar var også grunnen til at Sogn og Fjordane i fjor vedtok å avslutta tilbodet. (©NPK)
Meld deg på nyhendebrevet vårt som kjem med siste boknytt kvar tysdag!