Varslar supermåneformørking

Natt til måndag 28. september blir månen totalt formørkt over heile landet, og det skjer mens måneskiva på sitt største, populært kalla supermåne. Det er 18 år til neste gong.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Månen går nemleg i ein avlang bane rundt jorda, og måneskiva ser dermed litt større ut når han er på det nærmaste, ein «supermåne».

Det er ikkje så sjeldan at månen er «super» – tre gonger berre i 2015 – men det er ikkje kvardagskost at dette fell saman med ei totalformørking. Den neste supermåneformørkinga kjem først i 2033, men den kan vi ikkje sjå i Noreg, fortel astronominettstaden Himmelkalenderen.

LES OGSÅ: Siste nytt frå verdsrommet

Den førre totale måneformørkinga i Noreg var 10. desember i 2011, og den neste kjem i 2018, men den kan dei berre sjå i Nord-Noreg.

Måndag 28. september klokka 3.07 byrjar månen sakte å gli inn i jordskuggen til han er heilt dekt klokka 4.11. Heilformørkinga varer i over ein time, og klokka 5.24 kjem månen litt etter litt fram igjen i lyset. Fenomenet er over klokka 6.27.

Timen før og etter er månen dessutan i halvskuggen frå jorda, men desse før- og etterfasane er det ikkje fullt så lett å sjå effektane av.

Ei måneformørking oppstår når sola, jorda og månen står heilt på linje i verdsrommet, slik at den solopplyste månen kjem inn i skuggen frå jorda og blir mørklagt. Månen blir ikkje kolsvart, men får eit meir dunkelt, gjerne raud- eller oransjefarga skjer. Somme kallar det blodmåne. (©NPK)