Menneskets beste besøksven

I helga vart både firbeinte og tobeinte kursa i kunsten å gleda folk som bur på sjukeheim.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er på kurs for å bruka hunden til å gleda andre. Det er ein vinn-vinn-situasjon, seier ein av dei ti kursdeltakarane, Kristin Schulerud.

Les saka i Kvinnheringen!

Kurset vart til som eit fellesprosjekt mellom Kvinnherad Røde Kors, Kvinnherad Frivilligsentral, Kvinnherad kommune og Kvinnherad Hundeklubb. Hundar og hundeeigarar var i sving seks timar laurdag og søndag, kyndig rettleia av to kursleiarar frå Østfold Røde Kors. Både teori og praksis stod på tapetet dei to dagane. Seinare skal dei tobeinte deltakarane gjennom eit tre timars besøksvenkurs i regi av Røde Kors.

Blir glade av dyr
Frivilligkontakt ved Husnestunet og medlem i prosjektgruppa bak kurset, Hege Kristin Raudstein, peikar på mange positive sider ved å bruka besøkshundar:

– Dei fleste eldre har erfaring med dyr, gjerne frå barndomen, og mange blir rett og slett glade av å ha kontakt med dyr.

Ei anna i prosjektgruppa, Nanny Lovise Eikemo, Kvinnherad Hundeklubb, viser òg til erfaringa med at hundar skapar trivsel:

– Kontakt med dyr gir god effekt – det er terapi i seg sjølv.

Besøkshundkurset gir – om instruktørane finn hundane eigna etter endt kursing – godkjenning som besøkshund. Hundane og hundeeigarane måtte gjennom mange ulike øvingar i løpet av kurshelga:

– Dei har øvd på å forhalda seg til folk i rullestol og i sjukehussenger. Dei har òg blitt utsette for høge lydar og brå rørsler for å trena inn rett reaksjon, fortel Eikemo.

LES OGSÅ: Kenguruar flest er keivhendte

Den fødde besøkshund
Kristin Schulerud og Baltus Origo såg ut til å stortrivast på kurset. Den to år gamle hunden av rasen engelsk cocker spaniel har eit svært så venleg oppsyn, og verka å vera den fødde besøkshunden.

– Eg hadde Baltus med til ein eldre, dement mann ein gong, noko som tydeleg gav mannen stor glede. Han klappa i hendene og gledde seg over det firbeinte besøket, fortel Schulerud.

Ho trur at også hundane har stor glede av å besøkja eldre folk på institusjon:

– Hundane likar å forhalda seg til folk som sit i ro over lengre tid. Då er hunden sikra mykje kos og klapp, smiler Schulerud.

– Kva synest du om kurset?

– Det har vore svært nyttig, særleg med omsyn til å tolka hunden sitt kroppsspråk slik at vi betre forstår hunden si glede. Og Baltus elskar å læra nye ting, det er heilt tydeleg.

LES OGSÅ: Vil innføre dyresertifikat