Seksti valobservatørar i Noreg
Seksti norske og internasjonale valobservatørar skal overvake det norske lokalvalet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Valobservatørane har besøkt vallokale i førehandsstemmeperioden, og dei skal besøkje vallokala på sjølve valdagen, opplyser Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
LES OGSÅ: Frå raudt til grønt?
Det kjem internasjonale observatørar til Noreg i regi av mellom anna Norsk ressursbank for demokrati og menneskerettar (Nordem), Kristeleg Folkeparti (KrF) og Sosialistisk Venstreparti (SV).
Noreg er gjennom ulike internasjonale konvensjonar og dokument plikta både til å invitere og å ta imot nasjonale og internasjonale valobservatørar. Føremålet med valobservasjonen er å vurdere om valet og valprosessen er i samsvar med nasjonale og internasjonale lover og andre universelle prinsipp for demokratiske val.
LES OGSÅ: Splitt og hersk i valkampen