36 kommunar på to hjul

SP i Møre og Romsdal har hatt ein sprek og frisk start på valkampen, mildt sagt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs sprekast valkamp?

Dei vil ikkje høyre snakk om verken sure lår eller gnagsår i raua, dei spreke SP-damene Marit Krogsæter og Kristin Sørheim. Dei har kosa seg gjennom alle dei 36 kommunane i Møre og Romsdal, på to hjul i løpet av to korte sommarveker. I Ørtsa fekk dei følgje av ein (nesten like) sprek ordførarkandidat, Stein Aam.

– No kjenner vi kvart einaste asfalthol i heile fylket. Og dei er det mange av. Vi gjer dette for å kome i kontakt med grasrota. Og i tillegg er det eit fole godt folkehelsetiltak, sprudlar dei to spreke politikarane.

Undervegs samlar dei på kampsaker.

– I Ørsta har vi alt funne vår største kampsak. Det er at Stein Aam skal verte ordførar. Elles har vi registrert at det i Barstadvik manglar eit par hundre meter med sykkelveg. Det er ei livsfarleg strekning. Vi veit at bygdelaget har vore på bana for å få ordna dette, utan at dei har lykkast. Det håper vi at vi kan klare å ta tak i, seier dei to, som håper på plass på fylkestinget til hausten.

Dei nemner også strekninga mellom Høgebrua og Åmdal som ein stad der det er høgst nødvendig å få på plass ein skikkeleg gang- og sykkelveg.

– Det er ein katastrofeveg! I SP er vi opptekne av at det skal vere skikkelege gang- og sykkelvegar der folk ferdast, seier Kristin Sørheim.

Stein Aam er samd, og seier at dei som politikarar er nøydde til å verte flinkare til å prøve å løyse desse utfordringane.

Heim

Marit Krogsæter har også ei kampsak for ungdomen. Ho ønskjer å utvide ordninga med billeg skyss heim for ungdomar, det som tidlegare hadde namnet «Heim for ein femtilapp».

– Det er viktig at ungdom får vere ungdom og at dei ikkje skal vere avhengige av foreldra for å kunne vere med på arrangement i sentrum, dersom dei sjølve bur på bygdene.

Eldhus

Også Tussa sitt eldhus er noko sykkel-politikarane har merka seg i Ørsta.

– Eit kjempetiltak av Tussa. Det er framtidsretta og verkeleg bra gjort. Økonomisk kan det kanskje vere vanskeleg. No skal fylkeskommunen byggje ny vg.skule her etter kvart, og då er det svært viktig at dei legg opp til vassboren varme og biovarme. Dei må knyte seg til eldhuset. Nye kundar vil hjelpe økonomisk. Det vil også vere ei kampsak for oss.

Les saka i Møre-Nytt!