Dei spelar gratis for Førdefjorden
Razika, Hjerteslag og Einar Stray Orchestra spelar på Natur og Ungdom sin protestleir ved Førdefjorden tidleg i august.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Vevring og Førdefjorden miljøgruppe samlar seg i Vevring ved Førdefjorden, for å protestera mot avgjersla om å tillata sjødeponi og dumpa gruveavfall i Førdefjorden.
Det ligg an til å bli ei stor samling – no er også ei rekkje musikalske gjester bekrefta, ifølgjer ei pressemelding frå Natur og Ungdom.
– Planane om å dumpa gruveavfall i Førdefjorden er utruleg viktige. Me ser oss ofte lei av politikken til regjeringa, og me gler oss masse til å spela på Natur og Ungdom sin sommarleir og gi bidraget vårt til saka, er Razika sin kommentar. Dei er ein av artistane som møter opp ved Førdefjorden.
LES OGSÅ: Tapte omkamp om Førdefjorden
Saman med dei kjem Hjerteslag og Einar Stray Orchestra for å spela. Kunstnarane Fridjov Urdal og Ane Sommarstad kjem òg, og det blir debatt mellom partileiarar og lokalpolitikarar om framtida til Førdefjorden.
Natur og Ungdom kallar det folkefest for Førdefjorden.
– Me oppmodar folk i alle aldrar til å bli med på Folkefest for Førdefjorden laurdag 1. august i Vevring. Me feirar den rike fjorden med sjømat, kunst, kultur og debatt. Valet i september vert eit val om framtida til Førdefjorden, seier Anne-Line Thingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe i pressemeldinga.
Det blir opplyst om at alle artistane spelar gratis, og at alle er imot sjødeponi i Førdefjorden.
– Det verkar som om politikarane trur at om me dumpar avfall i fjorden så forsvinn det utan miljømessige konsekvensar. Det er kortsiktig, og eit hån mot miljøet i fjorden. Det er politikk som høyrer heime på 50-talet, er Hjerteslag sin kommentar.
LES OGSÅ: – Me har framleis ein lang veg å gå