Syklar Norge rundt for kreftsjuke born

«Prosjekt superhelt» samlar inn pengar til Barnekreftforeininga frå sykkelen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Avisa Nordhordland.

Christoffer R. Endresen (24) og Martin N. Nevstad (22) står bak sykkelprosjektet, kor dei i løpet av 40 dagar skal sykla Norge rundt – noko som svarar til 5500 km. På sin veg besøker dei kreftsjuke born og gir dei «Superhelt-diplom». Målet er å samla inn 1 million kroner til Barnekreftforeningen.

Inspirerande møte
– Både morfar og onkel døydde av kreft i 2009, noko eg tok svært tungt. I 2010 sykla eg Norge rundt, for å samla inn pengar til Kreftforeningen, på den turen møtte eg kreftsjuke Simen på 6 år, som gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Måten han handterte sjukdommen på, med energi og positivitet var ein stor inspirasjon, og møtet med han vart grunnlaget for konseptet for denne turen, fortel Christoffer.

Svarte ja med ein gong
Sykkelkompisen Martin var ikkje i tvil då Christoffer spurte om han ville vera med på «Prosjekt Superhelt», og å sykla Norge rundt.

Eg svarte ja med ein gong, og syntest dette var eit flott tiltak. Det er godt å føla at ein kan bidra. Vi kan ikkje kurera kreft ved å gjera dette, men vi kan i alle fall hjelpa til. Mottoet vårt er «alle kan ikkje gjera alt, men alle kan gjera noko.», seier den spreke syklisten.

LES OGSÅ: Nordhordlandsruss samla inn 200 000 til kreftforsking

SYKLA MED BORNA: Christoffer og Martin sykla nokre meter saman med ungane som møtte opp.

Christoffer og Martin sykla nokre meter saman med ungane som møtte opp. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Heia på syklistane
Kristine Vikebø synest prosjektet er eit så bra tiltak at ho bestemte seg for å oppretta eit Facebook-arrangement, der ho inviterte folk til å vera med å heia på Christoffer og Martin, då dei sykla forbi Nordhordland.

Min eldste son, Adrian, fekk kreft for tre år sidan. Barnekreftforeininga var veldig viktig for oss i tida då Adrian var sjuk. Dei steller i stand mellom anna pizzakveldar og juletrefestar, noko som er eit lyspunkt for borna som er sjuk. Barnekreftforeininga gav oss også moglegheita til å reise på turar vi ikkje hadde hatt rå til viss det ikkje hadde vore for dei. Arbeidet Barnekreftforeninga gjer er utruleg bra, og eg synest det er heilt fantastisk at desse to gutane syklar Norge rundt til inntekt for dei kreftsjuke borna, seier ho.

LES OGSÅ: Klara fekk cellegift om natta for å rekka Neil Young-konsert

Vondt å ha kreft
Adrian (10), er no friskmeldt, men hugsar godt korleis det var å vera kreftsjuk.

Det følest vondt å ha kreft. Og så er det veldig kjedeleg å sitta inne på sjukehuset heile tida, seier han.

Adrian, og dei andre borna som møtte opp for å heia på – og sykla nokre meter saman med Christoffer og Martin, fekk «Superhelt-diplom».

Det var kjekt å få diplom, der står det at eg er ein superhelt, smiler Adrian.

LES OGSÅ: Magnar kjempar mot kreften med trening

Dagens høgdepunkt
Syklistane tok seg tid til å stoppa opp og prata med dei som stod klare og venta på dei ved Nordhordlandsbrua.

Vi syntest det var veldig koseleg å få melding om at ein gjeng kom til å stå klare for å heia oss vidare. Dette er eit minne vi kjem til å hugsa, og er absolutt dagens høgdepunkt, seier Christoffer.

For å lesa meir om prosjektet, eller støtta dei spreke gutane, sjå norgerundt.net

LES OGSÅ: Dødssvidd