SU-leiar meiner MDG drit i valløfte
SU-leiar Sara Ude Hasle meiner MDG bryt valløfta sine om dei ikkje blir samde om eit raudgrønt statsbudsjett. MDG er tydelege på at dei ikkje skal samarbeide med Frp.
– MDG var «garantisten» for ei raudgrøn regjering med Støre som statsminister. Så blir det budsjettforhandlingar, og MDG tek ein «180 fuck you» og drit i valløftet.
Det skriv Sara Ude Hasle, leiar i Sosialistisk Ungdom, på Facebook.
Det var VG som først omtalte saka.
Stikket til Miljøpartiet dei Grøne (MDG) kjem etter Arbeidarpartiet (Ap) i går blei samde om statsbudsjettet for 2027 med Senterpartiet, SV og Raudt, men ikkje MDG.
Dermed har ikkje regjeringa fleirtal for statsbudsjettet på Stortinget, og set samarbeidet til mindretalsregjeringa på spel. Om det ikkje blir semje, risikerer partia at Arbeidarpartiet må løyse opp regjeringa. Det opnar for at Framstegspartiet (Frp) kan ende opp i ei ny regjering, og potensielt med statsministerposten. Etter Ap er Frp det største partiet på Stortinget, med 47 mandat.
Dersom det skjer, meiner Hasle at MDG bryt valløfta sine.
– MDG lova to ting i valkampen: Dei lova å gjere Støre grønare, det har dei gitt opp. Så hadde dei til og med ein skriftleg garanti mot Listhaug. Det løftet bryt dei. MDG er ikkje til å stole på.
Skal ikkje samarbeide med Listhaug
Frøya Skjold Sjursæther (MDG) er tydeleg på kvar ho meiner skulda vil ligge om det ikkje blir semje:
– Det er ikkje vi som gjer Listhaug til statsminister viss Ap ikkje er i stand til å levere eit budsjett som tek Noreg i rute for å nå klimamåla Ap sjølv har sett, seier ho til VG.
Hovudgrunnen til at MDG ikkje har blitt samde i forhandlingane, handlar om klima og miljø. Partiet er ikkje ferdig med å forhandle, ifølgje Ingrid Liland, fungerande MDG-leiar.
– På vegner av dei 150 000 som har stemt MDG, så tek eg ansvar for å få eit raudgrønt fleirtal med ein ordentleg klimapolitikk som tek Noreg framover. Det har vi ikkje i dag, men eg skal forhandle til vi er der viss Støre og resten av partia vil, seier ho til VG.
Ho understrekar at MDG ikkje vil samarbeide med Frp, som vil gjere det vanskeleg for det borgarlege partiet å sikre eit fleirtal på Stortinget.
Opnar for semje
MDG har frist til måndag 30. november, når Finanskomiteen på Stortinget skal gi ei innstilling om budsjettet.
Torsdag morgon opnar partileiaren for at dei kan bli einige likevel.
– Vi er opptekne av tiltak som tek klimapolitikken framover. Det kan for så vidt både vere verbal og pengar. Dei diskusjonane skal vi ta med Ap dei neste dagane, seier Liland til VG.
Verbal er politiske avtalar som ikkje nødvendigvis treng store pengesummar. I fjor vart partia til dømes samde om å greie ut moglegheita for eit nasjonalt månadskort for kollektivtrafikk. I år er nasjonalt månadskort ein eigen post i statsbudsjettet.
Hasle i SU er tydeleg på at SV og ungdomspartiet heller ikkje er heilt nøgde med budsjettet. Ho trekker blant anna fram oljefritt Arktis og stans for gruvedeponiet i Førdefjorden.
– Der sette Arbeidarpartiet og Senterpartiet foten ned. Men å gå EIN HEIL VALKAMP med å fremje seg sjølv som garantisten for raudgrøn politikk, for så å ta ei heilomvending – det er ikkje anna enn skammeleg, skriv ho på Facebook.






