Raudgrøn budsjettavtale: Nasjonalt månadskort, billigare diesel og tannhelsereform

Ap, SV, Sp og Raudt er samde om statsbudsjett for neste år – men manglar støtte frå MDG, som kallar det grønvasking.

NPK-NTB
Publisert

– Då vi starta, var vi fem parti som skulle bli samde. No står vi her, fire parti som har funne ei semje, sa Aps forhandlingsleiar Tuva Moflag då ho innleidde pressekonferansen i vandrehallen onsdag.

Ho la fram eit forslag til statsbudsjettet for neste år saman med Bjørn Arild Gram (Sp), Marthe Hammer (SV) og Mimir Kristjansson (Raudt). Utan MDG har ikkje forslaget fleirtal.

– No må vi jobbe vidare dei neste dagane for å sikre fleirtal for budsjettet. Jobben min er ikkje ferdig før vi har det, seier Moflag til NTB etter pressekonferansen.

Dei raudgrøne partia har fått 7,411 milliardar kroner ekstra i oljepengar frå Arbeidarpartiet. I utgangspunktet var oljepengebruken på 608,4 milliardar kroner.

Fem dagar på overtid og etter mykje møteverksemd kunne Mimir Kristjansson (Raudt), Marthe Hammer (SV), Eli Tuva Moflag (Ap) og Bjørn Arild Gram (Sp) leggje fram semje om nytt statsbudsjett. MDG har sagt at dei ikkje er med på semja. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Billig månadskort og dieselkutt

Partia er mellom anna samde om kutt i dieselprisane, nasjonalt månadskort til 499 kroner og at alle over 75 år skal få 75 prosent rabatt hos tannlegen neste år.

Vidare blir det gitt pengar til ekstra bemanning i barnehagane, og kommunane får fleire frie midlar. Kutta i Posten blir også redusert med 200 millionar kroner, omtrent halvparten av kuttforslaget frå Arbeidarpartiet.

– Steg for steg bevegar vi Noreg i rett retning. Dette er rett og slett eit skambra budsjettforlik, sa Mimir Kristjansson i Raudt.

– Karius og Baktus, your boys took a hell of a beating, sa Kristjansson, med tilvising til tannhelseforliket og Bjørge Lilleliens historiske kommentering då Noreg slo England i fotball i 1981.

Budsjettforliket er totalt på 13,4 milliardar kroner.

Dette er noko av det dei fire partia er samde om:

  • 200 millionar kroner til Posten for prøveomstilling med dørterskelteneste.
  • Nasjonalt månadskort for kollektivtransport til 499 kroner.
  • Kutte dieselavgiftene med 1,25 kroner per liter.
  • Finansiering av tannhelsereforma slik at alle over 75 år får 75 prosent rabatt frå 1. juli.
  • Barnehageprisen blir kutta med 200 kroner og det blir gitt 500 millionar kroner ekstra til bemanning i barnehagane.
  • 1 milliard kroner ekstra til sjukehusa.

For å dekkje inn den ekstra pengebruken blir trygdeavgifta auka med 0,1 prosentpoeng på lønn, trygd og næringsinntekt. Her anslår dei å få inn 2,5 milliardar kroner ekstra i inntekter til staten. Dei to øvste skattetrinna blir også auka med 0,1 prosentpoeng.

MDG nektar støtte

Då budsjettfristen gjekk ut klokka 10, forlét MDG forhandlingsrommet:

– Eg har gitt beskjed til Arbeidarpartiet om at vi ikkje kan stå bak det budsjettforslaget dei har lagt fram. For oss er budsjettforslaget altfor dårleg på klima, sa MDGs forhandlar Oda Indgaard då.

Tuva Moflag, som har leidd forhandlingane for Arbeidarpartiet, gav då ingen kommentar.

MDG skal halde ein eigen pressekonferanse onsdag. Stortingsrepresentant Frøya Skjold Sjursæther seier til VG at dei ikkje kjem til å røyste for budsjettforslaget.

– Det stemmer ikkje at utsleppa går ned i 2027 med dette budsjettet. Det er taltriksing. Det er grønvasking av dårleg klimapolitikk, seier Sjursæther til avisa.

– Ap legg til grunn hypotetiske scenario når dei påstår at utsleppa går ned. Ein legg til grunn at haldningskampanjar mot matsvinn og meir heimekontor ville kutte utslepp. Det gjer det ikkje, seier ho.

Ho viser mellom anna til kutt i CO₂-avgifter og billigare diesel og meiner det betyr at klimautsleppa kjem til å auke.

Høgre kritiserer uvisse

Det same skjedde også i fjor, då MDG braut forhandlingane og SV ikkje ville støtte eit forslag som ikkje hadde fleirtal. Dei slutta seg seinare til forslaget, som blei vedteke.

Høgre kritiserer uvissa som oppstår når partia ikkje klarer å samle seg om eit fleirtal:

– Det skaper uvisse for kommunar, organisasjonar, bedrifter og folk som treng å vite kva politikk som gjeld neste år, seier finanspolitisk talsperson for Høgre Henrik Asheim til NTB.

Dersom Arbeidarpartiet ikkje lykkast med å få støtte frå MDG, og dermed fleirtal, kan dei stille kabinettsspørsmål. Det inneber at dei truar med å gå av. Då kan det bli regjeringskrise der Frp-leiar Sylvi Listhaug får i oppdrag å danne regjering.

Stortinget skal debattere og votere over statsbudsjettet måndag 7. desember.