SU-leiar reagerer på «billig» Frp-reklame
Frp illustrerer ein reklame om ungdomskriminalitet med eit bilete av minoritetsungdommar. – Flautt og dårleg gjort, meiner SU-leiaren.

Dette innlegget blei lagt ut på Framstegspartiets Instagram-konto 21. november. Foto: Skjermdump frå Frps Instagram 25.11
For nokre dagar sidan publiserte Framstegspartiet (Frp) eit Instagram-innlegg der dei skreiv «Livsfarlige ungdommer skal ikke tilbake til klasserommet – de skal fengsles».
Innlegget var illustrert med eit bilete av to gutar som tilsynelatande har minoritetsbakgrunn.
I teksten under innlegget tar dei til orde for å senke terskelen for å fengsle ungdomskriminelle.
Leiar i Sosialistisk Ungdom (SU) Sara Ude Hasle reagerer på det ho kallar billig retorikk frå Frp.
– Eg synest det er veldig problematisk å bruke eit bilete av to minoritetsungdommar til den teksten, seier ho til Framtida på telefon.
Hasle synest biletbruken er rar, flau og ikkje passar til det som står i biletteksten.
– Når det er vald på skulen, må ein openbert ta tak i det problemet, men det er ikkje berre det reklamen handlar om.

Denne teksten stod i caption-feltet til Instagraminnlegget Frp publiserte. Foto: Skjermdump frå Frps Instagram 25.11
Debatt om grenseløyse elevar
Denne veka har det vore debatt i media om det ei gruppe rektorar kalla «grenselause» elevar til NRK.
TV2 har kartlagt avviksmeldingar i den norske skulen, der dei finn at fleire lærarar rapporterer å bli utsette for vald og hets på jobb.
Rektorane som NRK snakka med, fryktar at desse «grenselause» elevane kan øydelegge for heile klasser.
Nokre meiner at gutar med minoritetsbakgrunn er overrepresentert i statistikken, medan andre er skeptiske til den førestillinga, skriv NRK.
Meiner dei skuldar på minoritetar
– Eg synest det er dårleg å skulde minoritetar for alt som er dårleg i samfunnet, noko eg opplever at Frp ofte gjer, seier Hasle om Instagram-innlegget til Frp.
SU-leiaren meiner at Frp har ein retorikk som spelar på at samfunnsproblem er minoritetar, innvandrarar og flyktningar sin feil.
– Me veit at det er aukande ulikskap og større forskjellar, så eg synest det er kjipt at eit av landets største parti tyr til så billig retorikk.
Ho synest biletvalet er uansvarleg.
– Det er rett og slett flautt, og dårleg gjort.
– Bør heller ta tak i reelle problem
– At SV har meir fokus på kva for bilete me brukar i ein post på Instagram, seier meir om deira ignorante tilnærming til den alvorlege situasjonen i norsk skule, skriv kommunikasjonssjef i Frp Kjetil Løset til Framtida på e-post.
– Eg vil oppfordre SV til å heller vere med å ta tak i dei reelle problema som handlar om at mange elevar og lærarar opplever skulen som utrygg.
Han skriv at å fjerne vald og truslar frå skulen er avgjerande for å sikre gode læringsmiljø.






