Ny stortingsmelding:
– Vi må ta likestilling for gutar og menn på alvor
Regjeringa har lagt fram den første stortingsmeldinga om likestilling for menn og gutar på nesten 20 år.
Fredag la regjeringa fram ei stortingsmelding som skal gi gutar og menn ein tydelegare plass i likestillingspolitikken.
Rusproblem, sjølvmord og lågare venta levealder
– For Arbeiderpartiregjeringa er det grunnleggjande at alle i Noreg skal ha like moglegheiter, uavhengig av kjønn. Utfordringane til menn fortener merksemd og derfor har vi no laga ei omfattande stortingsmelding, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) i ei pressemelding.
Regjeringa peikar mellom anna på at menn i dag er overrepresenterte i statistikken over rusmiddelproblem, sjølvmord og har lågare venta levealder.
– Det er slik at utfordringane til mange menn og gutar ikkje kan løysast av ei teneste eller eitt tiltak aleine. Mykje av løysinga finst i å sikre gode og trygge fellesskap der alle har like moglegheiter, enten det er i skulen, på arbeidsplassen eller i helseapparatet, seier Jaffery.
Fleire tiltak
Stortingsmeldinga følgjer opp utgreiinga frå mannsutvalet frå 2024. Det er allereie sett i gang fleire tiltak:
- Ny barnelov som trer i kraft i 2027 tek grep for å sikre at begge foreldre skal kunne ha ei tydeleg, aktiv og ansvarleg rolle i livet til barnet.
- Grep i skulen for å styrkje læringa til elevane, mellom anna knytt til lesing, oppfølging av elevar og ein meir praktisk og variert skule.
- Ny handlingsplan om førebygging av sjølvmord, med eit tydeleg kjønns- og mangfaldsperspektiv, som etter planen skal leggjast fram tidleg neste år.
- Ny forsking på trappene om balanse mellom arbeid og familieliv i ulike delar av arbeidslivet.






