Miljøorganisasjonar jublar etter Høgsterettsdom: – Fantastiske nyheiter for klimaet
Miljøorganisasjonane jublar etter at Høgsterett kjende godkjenningane av tre oljefelt ugyldige på grunn av saksbehandlingsfeil.
– Det er jo heilt fantastiske nyheiter for oss og for klimaet. Tida der oljeselskapa kan halde tilbake informasjon om den klimaskaden dei påfører oss, og menneskeslekta, ho er forbi, seier leiar Haldis Tjeldflaat Helle i Greenpeace Norge til NTB.
Ho meiner dommen vil endre norsk petroleumspolitikk for alltid.
Saka starta i 2023 då Greenpeace og Natur og Ungdom saksøkte staten for ikkje å ha greidd ut globale klimaverknader frå forbrenningsutslepp før dei godkjende olje- og gassfelta Tyrving, Breidablikk og Yggdrasil.
Produksjonen ved Breidablikk starta i oktober 2023, medan oppstarten ved Tyrving var i september året etter. Produksjonen ved Yggdrasil skal etter planen starte i 2027.
Natur og Ungdom og Greenpeace har vunne ein kolossal siger, seier advokaten til organisasjonane Jenny Sandvig.
– Det har skapt rettshistorie, staten har vike på punkt etter punkt, dei har prøvd å reparere dette i tre høve og har mislykkast kvar einaste gong. No ventar miljøorganisasjonane at staten tek dette på alvor, og gir den informasjonen som befolkninga etter lova har krav på, om verknadene av denne utvinninga på sokkelen.
Leiar Sigrid Hoddevik Losnegård i Natur og Ungdom seier at ho er superstolt over at dei valde å ta søksmålet til retten.
– No kan ikkje vi berre sjå på kvart enkelt prosjekt. Vi er nøydde til å sjå kva konsekvensane er av all norsk oljeproduksjon, og kva som skjer når den olja blir forbrend. Og det har ikkje politikarane gjort fram til no, det har ikkje vore informasjon som har vore tilgjengeleg for offentlegheita, seier ho.








