La meg være – kjedeleg om flyktningkrisa

Romandebuten «La meg være» har interessante sider, men er kjedeleg og svakt utført.

Magnus Rotevatn
Publisert

Umar Ashraf sin fyrste roman, La meg være, fortel historia om Sami.

Forteljinga startar då faren hans blir drepen under den syriske borgarkrigen. Sami blir flyktning og endar til slutt opp i Noreg.

Men sjølv om han er vekke frå krigen, er ikkje livet roseraudt. Som asylsøkjar er han prisgjeven at folka rundt han ynskjer han vel. Og det skal visa seg at ikkje alle er tilliten verdig.

Om boka:

Tittel: La meg være

Forfattar: Umar Ashraf

Forlag: Bonnier Norsk Forlag

Utgjeven: 4. november 2026

Sjanger: Ungdomsroman

 

Held ikkje på spenninga

La meg være er ei lettlesen og tidvis interessant bok. Plottet og tematikken passar perfekt for ein ungdomsroman. Det finst heilt sikkert unge lesarar som vil sluka boka.

Men dessverre er romanen svakt utført og lite spennande.

Trass i at den ytre handlinga er særs dramatisk, lukkast ikkje Ashraf med å gjera ho nervepirrande. Når ein situasjon spissar seg til, held ikkje forfattaren på spenninga, men hastar vidare.

Sami verkar i liten grad å påverka sin eigen skjebne. Sjølv om det kanskje er eit poeng at han er ein «kasteball», er dette eit problem. Det blir ikkje engasjerande lesnad når hovudpersonen i liten grad handlar.

Til dømes må Sami forlata sin store kjærleik, Leyla, på veg til Europa. Dimed var bordet dekt for kjærleikssorg og ein kamp for å finna tilbake til kjærasten. Men nei, Sami tenkjer ikkje noko særleg på ho og er passiv.

Kjærleikssoga får eit framhald heilt på slutten av boka, fordi Leyla – ikkje Sami – sender han ei melding på Messenger ut av det blå.

Ei god forteljing blir driven fram aktive val og kamp – ikkje grep av typen deus ex machina.

Bokomslag: Bonnier Norsk Forlag

Kjenner meg snytt

Boksidene manar ikkje fram kjensler eller omgjevnadar. Me kan lesa at det i Sam er «altfor fullt av følelser», men får ikkje ta del i dei. Boka fortel kva som skjer, men skildrar det ikkje.

Personskildringane er også spake. Rollegalleriet er liten grad noko meir enn namn og funksjonar.

Eg kjenner meg snytt for ei god forteljing.

Interessante makt-skildringar

Boka er på sitt beste når forfattaren sakkar tempoet.

Særleg er framstillinga av maktforholda mellom asylsøkjarane og ulike nordmenn uhyre interessante. Forfattaren kunne med fordel ha reindyrka denne tematikken.

Viss det er noko som gjer denne boka verd å lesa, er det demonstrasjonen av korleis asylsøkjar kan bli utnytta av nordmennene dei blir avhengige av.