Leiger ut hyttedraumen

Etter at Randi Strand Leirvik og Bjarte Leirvik la ut hytta si på nettstaden Airbnb, har det komme ein straum med hyttegjester frå heile verda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiger ut hytta på Airbnb

Saka var først publisert i Suldalsposten.

Då hytta kom for sal i fjor vår, slo dei til og kjøpte den utan at dei hadde store planar for bruken. Hytta har vatn utanfor hytteveggen og ikkje straum. Søster hans hadde brukt Airbnb tidlegare, og ho tipsa paret om nettsida. Flotte bilete hadde dei jo allereie frå salsprospektet, og derifrå var vegen kort til hytta var registrert og låg ute til leige på nettstaden. Profilert med overskrifta «Charming hut by the fjord».

Og både bilete og tekst må ha freista, for sidan den tid har turistane komme og reist med korte mellomrom. 137 gjestedøgn kan dei skilta med så langt.

LES OGSÅ: Gjev bort veke på hytteidyll

Faktaboks

Airbnb

Airbnb vart grunnlagd i San Francisco, California i 2008

Er ein marknadsplass på nett der privatpersonar kan leige ut eller leige overnatting

I dag ligg over 1,2 millionar utleigestader ute i over 34.000 byar i 190 land

Kjelde: Airbnb