Krev høgare BSU-grense
Unge Høgre og FpU forventar ei betydeleg auke i BSU-grensa på neste års statsbudsjett. Unge Venstre meiner det vil auke forskjellane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Om BSU skal verke slik at fleire unge kjem inn på bustadmarknaden, så må den aukast kraftig, seier nestleiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot, til NRK, som først meldte om saka.
LES OGSÅ: Rekordauke for BSU
Vil ha meir
På statsbudsjettet for 2014 auka regjeringa både maksgrensa for kor mykje ungdom kan spara i BSU og kor mykje skattefrådrag dette gjev. (Sjå faktaboks.)
FpU-formann Atle Simonsen gler seg over auken, men vil ha enno meir for at ungdom skal få ein reell moglegheit til å betale det eigenkapitalkravet som bankane stillar.
Framstegspartiets ungdom krev at det årlege sparebeløpet vert auka til 40.000 kroner i året, og totalbeløpet til 300.000 kroner.
Dei foreslår å ta pengane frå anten landbruks- eller bistandsbudsjettet.
Akkurat dette får KrFU-leiar Emil André Erstad til å reagera:
FpU vil ta økning i BSU frå bistandsbudsjettet. Frå verdens fattige til verdens rikaste ungdommar sine sparekontoar. Solidarisk.
— Emil André Erstad (@emiers) 6. juli 2015
LES OGSÅ: Ungdom sparar meir
A- og B-lag
Òg Unge Venstre-leiar Tord Hustveit er skeptisk. Han meiner ei auka BSU-grense er feil veg å gå.
– Det er eit skattesystem i Noreg som gjer at det lønar seg veldig å spare og investere i bustad. Det har ført til eit A- og eit B-lag i Noreg der dei som er inne i bustadmarknaden får veldig mange goder. Det å auke BSU-grensa vil vere med å forsterke det. Då gjev du eit skattelette til dei som har råd – eller kjem til å få råd – til å kjøpa bustad, medan alle andre vert sitjande å betala for desse som allereie har det ganske bra, sa Hustveit då han i går gjesta Dagsnytt 18.
Unge Venstre-leiaren føreslår å erstatte ordninga med skattelette til dei som har minst.
Faktaboks
Bustadsparing for Unge (BSU)
BSU er ei spareteneste i dei fleste norske bankar
Bankane set rentenivået, men staten bidreg med skattefradrag og set difor vilkåra for kor mykje ein kan spara årleg og at pengane må gå til bustad
I statsbudsjettet for 2014 auka regjeringa BSU-grensa frå 150.000 til 200.000 kroner
Du kan spare inntil 25.000 kroner i året og 200.000 totalt
Du får 20 prosent skattefrådrag på årets innskott, det betyr opptil 5.000 kroner årleg
For å få skattefrådraget må du ha skattbar inntekt
Du kan spare i BSU til og med det året du fyller 33 år