Jeg kommer hjem! er ein sår forteljing for ded som vil forstå korleis verkelegheita kan sjå ut for andre, skriv bokmeldar Sigrid Forbord Hoseth.
Eit barn sit igjen utan far sin. To barn sit igjen utan far sin. Tre barn sit igjen utan far sin. Og sikkert mange, mange fleire.
Jeg kommer hjem! av Maria Navarro Skaranger er tredje bok om karakteren Emily og menneska rundt ho. Som dei to andre romanane i dette universet, er Jeg kommer hjem! ein sterk roman om familie, relasjonar og arv. For er det eigentleg slik at ein er eit produkt av forfedrane sine?
Om boka
Tittel: Jeg kommer hjem!
Forfattar: Maria Navarro Skaranger
Sjanger: Roman
Sidetal: 164
Forlag: Forlaget Oktober
Ei forteljing om fedrar, og fråværet av dei
« … hun ser på menn på gata, og tror det er faren hennes, sånn som Pablo også har gjort, og jeg har gjort, alle jeg skriver om, leter jo etter faren sin.»
I Jeg kommer hjem! møter me fleire karakterar, som på ein eller annan måte har ein relasjon til kvarandre. I fyrste del av romanen er historia sentrert rundt Pablo, og historia om korleis han enda opp med å ikkje ha så mykje kontakt med far sin. Far til Pablo møtte mor hans då han budde på eit flyktningmottak i Noreg. Men faren er svært lite deltakande i Pablo sitt liv.
Han er nemleg ikkje berre far til Pablo, han er også far til fleire andre. Han har altså fleire familiar å ta vare på, noko som gjer at han er lite til stades for alle barna sine.
Pablo veks opp utan far, og veit kva utfordringar dette bringar med seg. Likevel, når Pablo som vaksen sjølv vert far, gjer han akkurat det same som far sin, og forlèt barnet. Det er her andre del av romanen begynner. Vi får høyre om korleis det går for Emily å skulle oppdra Pablo sin son, Liam, aleine. Kva skjer eigentleg når ei så stor oppgåve som å oppdra eit barn, vert lagt i hendene på ei einsam, ung aleinemor?
Kven er forteljaren?
Forteljarteknisk er bøkene til Skaranger svært interessante. Dei får kontinuerleg lesaren til å stille spørsmål om kven forteljaren eigentleg er, og om vi eigentleg kan stole på denne forteljaren.
I Jeg kommer hjem! får vi eit større innblikk i kven denne forteljaren er, og kva historia hennar er. Ved at romanen sitt hovudfokus ligg på Pablo, Emily, Liam og deira historie, vert også ein del av forteljaren sin bakgrunn fortald. Dette gjer forteljinga enda meir sår, for det er gjennom forteljaren si eiga historie at historia om den vesle familien vert fortald.
Også måten forteljaren fortel historia, gjer at romanen vert ekstra spennande, for eksempel ved å bruke eit interessant språk, mykje teiknsetting og kommentarar. Spesielt interessant er det faktum at det på eit punkt i forteljinga vert anerkjent at forteljaren veit at ho eksisterer i ein roman. Dette spesielle, men svært interessante elementet ved både forteljaren og romanen som heilskap, gjer han svært særeigen, og spennande å lese.

Bokomslag: Forlaget Oktober. Illustrasjon av Framtida.no via Canva
Ei vakker, men tragisk familieforteljing
Jeg kommer hjem! er oppfølgjaren til romanane Emily Forever og Jeg plystrer i den mørke vinden. Trass i at romanen i stor grad er frittståande frå forfattaren sine tidlegare utgjevingar, vil eg likevel anbefale å lese alle, for å få eit heilskapleg innblikk i forteljinga. Fokuset på familie og relasjonar er gjennomgåande i desse bøkene, då alle tre bøkene føljer personar som har ein eller annan form for relasjon til kvarandre.
Gjennomgåande er også fokuset på arv og miljø, der ein ser korleis sosiale fenomen blir reprodusert og går igjen i fleire generasjonar. I tillegg til å påpeike denne realiteten, kritiserer også Skaranger samfunnet gjennom romanane sine. Kva skjer når systemet rundt ein som allereie har det vanskeleg, sviktar, eller ikkje fungerer så godt som det burde? Og korleis kan mistillit og frykt til systemet bidra til å gjere situasjonen enda verre?
Ei varm anbefaling
Jeg kommer hjem! er ein roman som verkeleg får deg til å forstå verkelegheita som hovudpersonane i forteljinga opplever. Ein verkelegheit som ikkje nødvendigvis er så langt frå realiteten til mange menneske rundt om i Noreg og i verda. Om du vil sette i gang nokon tankeprosessar, eller prøve å forstå korleis verkelegheita kan sjå ut for andre menneske, anbefaler eg bøkene til Skaranger, og Jeg kommer hjem!, på det sterkaste!






