Matt Johnson si tolking av kjendiskokken Anthony Bourdain sin inngang til yrket er både fin og konvensjonell.
Kokkehatten var kanskje den første av dei, men Anthony Bourdain var ein mann som hadde fleire hattar: forfattar, TV-stjerne og, sjølv om han aldri ville kalle seg sjølv aktivist, ein fyr som aktivt kjempa mot fordomar, med matkultur som utgangspunkt.
Tony er ikkje filmen om det livet, men eit forslag til kva som kunne ha funne stad før dette. Filmen finn stad over ein sommar som er både transformativ og kvardagsleg, i klassisk men solid coming-of-age-stil.
Anthony Bourdain (Dominic Sessa), eller Tony som han krev at folk kallar han, er ein aspirerande forfattar som ein aldri ser skrive eit ord. Lei av livet heime, og, i sine auge, snytt for eit forfattarstipend frå universitetet sitt, tek han turen til Provincetown i Massachusetts.
Utgangspunktet er å følgje etter Nancy (Emilia Jones), som han har vore forelska i lenge. Storsjarmør er han likevel ikkje, og når han går tom for pengar, må han innfinne seg med å ta oppvasken på ein lokal restaurant.
Jo fleire kokkar
Folka her er ei salig blanding av snåle typar: Rappkjefta, kåte, og ikkje dei lettaste å bli kjent med. Ordvekslinga er like skarp som knivane, med dialog som ofte er verkeleg morosam.
Den emosjonelle dimensjonen kjem likevel gjennom forholdet som kjem fram mellom Tony og sjefskokken sjølv (Antonio Banderas), som gradvis tek han inn i si verd.

OPPLÆRING: Sjefskokk José Vatel (Antonio Banderas) er ein erketypisk mentorskikkelse for Tony (Dominic Sessa), men det er også ei rolle han kler veldig godt. Foto: Nordisk Film Distribusjon
Sessa sin prestasjon er ein fantastisk berebjelke. Tony, som han er presentert i filmen, er ei paradoksal blanding av gigantisk ego og skam over seg sjølv, ispedd eit liberalt forhold til sanninga.
Han går rundt med same ansiktsuttrykk som Djevelen i Alexandre Cabanel sitt måleri L’Ange déchu. Tony er ofte ein direkte ufordrageleg type, men på ein måte som gir deg lyst til å riste han i skuldrene og be han skjerpe seg heller enn å skyve han heilt bort.

KJØKKENKAMERATAR: Å jobbe på restaurant er ikkje berre-berre, og det stresset kjem godt fram i «Tony». Foto: Nordisk Film Distribusjon
Dei sterkaste scenane er dei der ein får kjenne på den motvillig veksande kjærleiken han har til mat, til kokkekunsten og til det beinharde miljøet som kjem med det.
Ein fiskescene midt på natta er nærmast magisk.
Musikken brusar og veks, leik og undring hand i hand. Gule klede og lommelykter mot blått mørke.
Samtidig blir maten levande, ekte, tatt frå kjøkkendisken og ut i verda og økosystemet.
Augeblinkar som dette løftar Tony frå å vere ein heilt standard biopic til ein eg føler står på fleire bein enn sanningane han er inspirert av. Anthony Bourdain sin ‘estate’ har stilt seg positiv til han nettopp fordi han er ei tolking av ein periode i livet til Bourdain som ein ikkje veit så mykje om, heller enn eit forsøk på å oppsummere eit langt og komplekst liv.
Samtidig skulle eg gjerne hatt enda fleire av desse augeblinkane.
Klein mann + kul dame = sant?
Å «ta» ein biopic på historia er alltid litt trøblete, men for meg var det noko som aldri heilt funka i forholdet mellom Tony og Nancy.
Ho er grunnen til at Tony i det heile tatt drar til Provincetown, agnet på kroken, men det tar lang tid før noko som minner om truverdig kjemi viser seg. Nancy er liksom berre snill, samstundes som filmen prøver å gi ho ein litt røff og kul personlegdom.
Det passar dårleg med korleis ho oppfører seg mot Tony, som ho konsekvent tolkar i beste meining trass i kor ufordrageleg han er. Som sjåar har ein tilgang på han som ein heil, fleirsidig figur, og forstår betre kvifor han er den han er. Det har ikkje ho, og for meg gjer det det vanskeleg å kjøpe relasjonen deira.

MATBOD: Tony (Dominic Sessa) og Nancy (Emily Jones) på stranda. Foto: Nordisk Film Distribusjon
Eg trur rett og slett ikkje på han. Ho er ein handlingspådrivar kamuflert som ein karakter, i ein stil eg har sett for ofte før: Kvinner som motivasjon for menn.
Sett opp mot kor finfølt oppbygginga av Tony sjølv er, blir det litt for dumt.
Likevel tek ikkje filmen dette så langt som han kunne ha gjort, noko eg blei positivt overraska over på slutten av det heile. Grunnlaget vinn meg aldri over, men Tony og Nancy har også eit knippe skikkeleg søte scenar – kamera og østers er nøkkelord her.
Tony er ein film som gjer mykje rett, med ein varme som kjem fram ikkje berre gjennom humoren, men den kjenslemessige djupna han gir til namnebroren sin. Nettopp derfor skulle eg gjerne sjå han ta litt hardare i, sjølv om me stadig finn magien i det kvardagslege.
Terningkast: 4






