MDG-Frøya vil betale Førdefjord-bot

Frøya Skjold Sjursæther i MDG vil betale bota som Natur og Ungdom-aktivist Victoria De Battista Kvamme fekk for å lenkje seg fast ved Førdefjorden i protest mot gruvedumping. – Moralsk ganske forkasteleg, meiner Jon Engen-Helgheim i Frp.

NPK-NTB
Publisert

Kvamme, som er leiar i Vestland Natur og Ungdom, var ein av aksjonistane som lenkja seg fast for å stoppe gruveselskapet ERGs dumping av avfall i Førdefjorden tidlegare i oktober. Det enda med ei bot på 10.000 kroner.

Den bota vil MDGs stortingsrepresentant Frøya Skjold Sjursæther betale, skriv Aftenposten. Ho meiner det er urimeleg at aksjonistane må bere den økonomiske byrda for at regjeringa «ikkje gjer jobben sin».

Leiar i justiskomiteen, Jon Engen-Helgheim (Frp), synest ikkje det er greitt at Sjursæther betaler.

– Det synest eg er svært problematisk og moralsk ganske forkasteleg av ein stortingsrepresentant å gjere. Det er å bidra og oppmode til lovbrot, seier han.

– Å finansiere lovbrot har vi reglar mot på dei fleste andre område i samfunnet. Vi burde sjå på om finansiering av ulovlege aksjonar og skadeverk burde vere straffbart, seier han.