Politikk og samfunn

«Er løysinga ei fast grense, eller at elevane faktisk får hjelpa dei treng?»

Ei fast fråværsgrense kan sende eit uheldig signal til elevane, skriv Arie Vindi Steinset, nestleiar i Vestland Sosialistisk Ungdom.

Arie Vindi Steinset (19)
Nestleiar i Vestland Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Leiar i Bergen Unge Høgre, Isak Bayati, seier til BT at «Å bry seg er å stille krav». Vi i Sosialistisk Ungdom meiner at å stille krav til elevar som allereie slit med å møte opp på skulen, ikkje nødvendigvis er det same som å hjelpe dei. Med ei løysing som å innføre ei fast grense på ti prosent fråvær, er eg redd for at vi risikerer å gjere vegen tilbake til skulen endå vanskelegare for dei som treng det mest.

Endrar ikkje situasjonen

Bayati føreslår at ti prosent fråvær skal føre til obligatorisk oppfølging med kartlegging, ein konkret plan og ein person som er ansvarleg for at tiltaka blir gjennomførte. Men kvifor nett ti prosent? Og kva skjer med eleven når grensa fyrst er nådd?

For ein elev som slit med å kome seg på skulen, er fråværet ofte eit resultat av problem som har bygd seg opp over lang tid. Det kan handle om alt frå mobbing, utanforskap, psykisk uhelse, manglande tilrettelegging, eller andre vanskelege forhold. Når fråværet fyrst har nådd eit bestemt nivå, er det ingenting som tilseier at situasjonen plutseleg skal endre seg.

Er løysinga ei grense, eller å hjelpe?

Ei fast grense kan òg sende eit uheldig signal til elevane. Om du allereie føler at du mislukkast på skulen, kan det å passere ei bestemt prosentgrense forsterke kjensla av at du har falt utanfor og ligg bak. Då kan vegen tilbake bli endå lengre, og det kan bli lettare å trekke seg ytterlegare unna skulen. Oppfølging skal gjere det enklare å kome tilbake, og eg meiner denne grensa vil gjere det stikk motsette.

Bergen manglar heller ikkje rutinar for å oppdage bekymringsfullt fråvær. Skulane har allereie kriterium til når dei skal reagere, ei plikt til å gi eleven oppfølging og tilgang til eit eiga skulefråværsteam. Samstundes viste ein forvaltningsrevisjon frå 2025 at det framleis er store utfordringar med korleis denne oppfølginga gjennomførast. Då kjem spørsmålet; Er løysinga å innføre endå ei fast grense, eller å sørge for at elevane faktisk får hjelpa dei treng gjennom systema vi allereie har?

Må tilpasse løysingane

Bayati trekk òg fram sosial utjamning og meiner at hjelpa ikkje skal vere avhengig av kor resurssterke foreldra er. Dette er eg samd i, men likskap handlar om meir enn at alle elevar skal gå gjennom den same prosessen, etter å ha nådd den same prosentgrensa. Alle elevar har ulike behov og treng ikkje nødvendigvis dei same tiltaka. Det som er avgjerande, er om dei faktisk får hjelp som gjer det mogleg å delta på skulen igjen.

Noko av det viktigaste eg meiner vi må gjere når vi tek opp problemstillingane rundt skulefråvær, er å tørre å stille dei vanskelege spørsmåla om kvifor elevar blir borte, og kva skulen kan gjere for å førebyggje det. Det held ikkje å telje fråværsdagar og sette i gang ein prosess når ei bestemt grense er nådd. Skulen må ha høve til å reagere tidleg, tilpasse hjelpa til kvar enkelt elev, og følgje dei opp over tid.

Om målet er at fleire elevar skal klare å vere og møte opp på skulen, må vi passe på at løysingane våre ikkje gjer det endå vanskelegare å kome tilbake.