Gir ut «sexy» ordbok på samisk: – Ikkje snakk dirty, snakk samisk til meg

Ei ny ordbok om sex er eitt av verkemidla i ein ny haldningskampanje mot seksuelle overgrep i Sápmi.

Einar Nygaard
Publisert

 – Eg har høyrt om det, og det er fantastisk, seier Noereh-leiar Juhán Nikolaus Wuolab Wollberg til Framtida.no på telefon.

Fredag lanserer Sametinget og RVTS Nord ein haldningskampanje mot seksuelle overgrep i Sápmi.

Juhán Nikolaus Wuolab Wollberg er leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh. Foto: Privat.

Mellom anna gir dei ut kondom, plakatar av kjønnsorgan, og ei ordbok med nye ord for kropp og sex.

Noereh-leiaren meiner kampanjen belyser eit veldig viktig problem.

– Vi har eit overgrepsproblem i samfunnet. Og vi har ikkje verktøy, eller orda, til å sette grenser, seier Wollberg.

Eit forsøk på å ta tilbake

Ei av dei som står bak lanseringa, er sametingsråd Ann-Elise Finbog.

Ho seier at å snakke om sex, kropp, samtykke og grenser har vore eit tabu i det samiske samfunnet.

Ann-Elise Finbog er medlem i sametingsrådet frå Samefolkets Parti. Foto: Árvu/Sámediggi

– Sjølv om det kan vere tabubelagt å snakke om sex i det norske majoritetssamfunnet også, er det kanskje endå meir sårbart i det samiske samfunnet, seier ho til Framtida.no på telefon.

Ho seier det heng saman med at ein framleis lid under verknadane av fornorskinga, og at mange har vore undertrykte i generasjonar. Det har ført med seg mykje skyld og skam rundt sitt eige språk.

Dette trur Wollberg kan ha spreidd seg til dagens unge.

– At det er tabu kan vere noko vi unge har lært frå dei tidlegare generasjonane, som vaks opp med heilt andre verdiar. Om tilnærminga er at det er syndig eller skamfullt, så er det ei haldning som kan arvast, seier han.

Sametingsråden seier skamma og skylda som det samiske folket har kjent på, gjer at ein no står i ein situasjon kor ein i nokre samahengar ikkje har dei relevante orda lenger.

– Så denne kampanjen er eit forsøk på å ta tilbake, og gjere dette naturleg å snakke om igjen, seier ho.

Nye ord

Eit av verkemidla for å få til det, er ei ny ordbok, med ord på nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.

Boka har mellom anna ord for kjønnsorgan og kvinneleg orgasme.

Noereh-leiar Wollberg seier det er bra at ein prøver å finne andre ord for å beskrive litt meir moderne syn på kropp og sex.

– Eg kan jo snakke om det reint anatomisk. Men det handlar ikkje berre om ord, men om talemåte, seier Wollberg.

Han seier noko av språket hans har blitt prega av «guttastemning».

– Sjølv om orda eg kan, sjølv om dei er fullt brukelege, er det ikkje noko eg går rundt og snakkar om framfor besta eller tante. Det kan vere prega av slang dei ikkje treng å høyre.

– Er det grovare, eller flauare, å nytte dei orda?

– Det kan vere begge. Det er ikkje berre det du seier, men biletet som blir danna i hovudet. «Å herregud, er det sex, eller berre paring mellom to dyr vi snakkar om?»

– Har du eit døme på det?

– Eg vil gjerne behalde mitt gode sosiale rykte, ler han.

Snakk samisk til meg

Wollberg seier at å sette ord på noko på sitt eiga språk, er utruleg viktig.

– Eg er ikkje så redd for norvagisme eller anglisismar, men eg synest det er fantastisk når ein kan lage nye eigne ord, seier han.

Han meiner det gir eit større eigarskap til språket.

– Eg har jo sagt i fleire år at ein ikkje treng å snakke dirty til meg, snakk samisk til meg.

Trur folk tek det i bruk

– Det blir kanskje litt kleint i byrjinga, særleg om vaksne prøver å dra det i gang, seier Wollberg.

Likevel trur han ungdom og folk generelt kjem til å ta i bruk det som passar dei best.

– Dette skal jo vere eit startpunkt, då er det ganske fantastisk om vi kan ta det og jobbe vidare med det sjølv.

Samstundes understrekar han at ordboka ikkje er ei løysing åleine, og at det trengst vidare oppfølging for å sjå resultat.

– Det her er jo et langtidsarbeid, avsluttar han.