Val i Israel – Er dette slutten for Netanyahus «personkult»?

Benjamin Netanyahus skjebne står på spel når israelarane går til valurnene i dag.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

I dag går israelarane til valurnene i eit skjebnesval for statsminister Benjamin Netanyahu. Hans viktigaste motkandidat heiter Gadi Eisenkot og leier sentrumspartiet Yashar.

Dei fleste meiningsmålingane viser at koalisjonen som støttar Netanyahu vil miste fleirtalet i nasjonalforsamlinga Knesset, og at Eisenkot-blokka vil få større støtte. Ingen av blokkene ligg derimot an til å få fleirtal. I vegen står nemleg arabisk-israelske parti som verken Netanyahu eller Eisenkot vil samarbeide med.

Gaza er ikkje tema

Sidan førre val har konflikten med palestinarane eskalert, og regjeringa til Netanyahu vert skulda for å drive eit folkemord av ei lang rekke internasjonale menneskerettsorganisasjonar, mellom anna FN, Human Rights Watch og Amnesty International.

Så kor stor rolle speler konflikten med palestinarane i årets val?

– Sjokkerande lite, seier Jørgen Jensehaugen, forskar og professor ved Peace Research Institute Oslo (PRIO), på telefon til Framtida.

Han fortel at dei fleste partia utanfor regjeringa synest busettarane på Vestbreidda har gått for langt, undergrev det internasjonale renomméet til Israel, og gjer at Israel risikerer å miste kontroll over situasjonen.

– Men når det gjeld Gaza, Sør-Libanon, tankar om fredsprosess eller ein palestinsk stat, er det sjokkerande einigheit i den israelske debatten.

– Dei er nøgde med dagens tilstand og lina til Netanyahu?

– Ja, i det store og heile.

Nektar samarbeid med palestinarar

Jensehaugen fortel at dei israelske partia har fordelt seg i tre blokker: Dei som støttar Netanyahu, dei som er imot Netanyahu, og ei israelsk-palestinsk blokk som alle dei andre partia i parlamentet nektar å samarbeide med.

Jørgen Jensehaugen er forskar og professor ved Peace Research Institute Oslo (PRIO). | Foto: PRIO

Kritikarane av Netanyahu peikar på den personlege korrupsjonen til Netanyahu, maktmisbruk, kontroll over media og det Jensehaugen kallar ein personkult i Netanyahus parti Likud.

– Netanyahu-regjeringa har gjennomført reformer som har svekt maktbalansen i Israel, svekt rolla til høgsterett og den uavhengige rolla til juridiske institusjonar, seier han.

Viss korkje pro- eller anti-Netanyahu-blokka får fleirtal i Knesset, kan det bli kinkig å sette saman ei fungerande regjering.

Jensehaugen påpeiker dessutan at det politiske landskapet i Israel har bevegd seg mot høgre.

– Også sentrum og til ein viss grad venstresida snakkar politisk på ein måte som ein før gjorde langt meir til høgre. Heile samtalen rundt palestinaspørsmålet har flytta seg drastisk til høgre, seier han.

Ein dom over Netanyahu

Synne Malen Sandven har jobba som utanriksjournalist for Aftenposten og NRK og er utdanna innan Midtausten-studium. Ho seier at det mest spennande i valet er lagnaden til Netanyahu.

– Vi får nok eit svar på om majoriteten av israelarane framleis stolar på Netanyahu, eller vil ha ein annan statsminister etter 19 år, seier ho på telefon til Framtida.

Ho meiner dei viktigaste sakene for jødiske israelarar er tryggleikspolitikk, utanriks og økonomi. Det er også dei viktigaste sakene for både Eisenkot og Netanyahu. Utfordraren Eisenkot er kjent som ein sikkerheits-«hauk» etter fleire tiår i militæret, påpeikar Sandven.

Eisenkot stod mellom anna bak den såkalla Dahiya-doktrinen, som dreier seg om å møte fiendar med uproporsjonalt kraftig maktbruk som skal verke avskrekkande.

Samanlikna med Netanyahu posisjonerer Eisenkot seg likevel som den mest moderate.

– Eisenkot meiner at Netanyahu har ein for kortsiktig politikk. Han vil ha ein langsiktig strategi med ein exit frå krigane Israel står i, så landet ikkje hamnar i evige krigar, seier Sandven.

På den andre sida meiner kjerneveljarane til Netanyahu at han er den einaste som kan leie Israel og vinne krigen mot Iran. Netanyahu har nyleg sagt at han vil styrte det iranske regimet og slå hardt ned på eksistensielle trugslar mot Israel.

Tryggleik på Vestbreidda

For arabisk-israelske veljarar er det derimot deira eigen tryggleik som er viktigast, fortel Sandven. Valden og busettinga på Vestbreidda har auka dei siste åra.

– For dei eg har snakka med på Vestbreidda, er det viktig å bli kvitt Netanyahu. Eisenkot støttar busetnadane, som er ulovlege etter folkeretten, men han er imot busetnadane som ikkje er godkjente av den israelske staten. Slik har det vorte meir av under Netanyahu, seier ho.

Ho trekker også fram at kritikarane av Netanyahu meiner han har tolerert israelsk vald mot palestinarane. Det vil Eisenkot få bukt med.

– På Vestbreidda jobbar palestinske organisasjonar med å mobilisere arabarar med borgarskap til å stemme. Det er eit spennande val der mindre veljargrupper kan vippe resultatet, seier ho.

Mildare retorikk

Sandven seier at Eisenkot er ein statsministerkandidat med ein mildare retorikk. Han har snakka mykje om å samle landet, medan Netanyahu brukar tid på å sverte Eisenkot og å snakke om å knuse fiendar.

– Eisenkot er ikkje ueinig om Hamas, men han legg meir vekt på at ei politisk løysing må komme på plass. Tonen er ganske annleis. Det kan også ha konsekvensar, seier Sandven.

Avgjerande grense

Israel har ei absolutt sperregrense på 3,25 prosent. Parti som får lågare oppslutning, kjem ikkje inn i parlamentet i det heile. Småpartia som vippar rundt grensa, kan difor få stor tyding for valresultatet. Mellom anna Amcha Yisrael, som er eit støtteparti i Netanyahus blokk, vakar rundt grensa.

Jensehaugen i PRIO er også spent på korleis valdeltakinga blir, særleg blant dei arabiske delane av folket. Det ligg an til høgare valdeltaking enn på lenge. Dersom den palestinske blokka i parlamentet veks, kan det bli endå vanskelegare å danne regjeringskoalisjon, seier han.