Raudt vil halvera pengestøtta til Raud Ungdom
Sentralstyret i Raudt føreslår å halvera den årlege støtta til ungdomspartiet frå to til éin million kroner.
– Det vil ha mykje å seia for oss i eit valkampår, seier generalsekretær Zelda Hasle Borgersrud Øgrim i Raud Ungdom (RU) til NRK.
Ho seier beløpet er ein femdel av det totale budsjettet til RU, og at eit slikt vedtak vil få store konsekvensar.
Økonomiansvarleg i Raudt, Trine Skaug Martinsen, seier ho forstår at forslaget skaper reaksjonar, men at RU over tid har bygd opp ein stor eigenkapital.
– Raudt er i sterk vekst, og me treng fleire ressursar sjølv i eit år der me skal stilla rekordmange lister og har mange nye medlemmer som skal skulerast. Etter ei heilskapsvurdering meiner me at midlane blir brukte best slik, seier Martinsen til Nettavisa.






