«Eg har aldri sett nokon sløkke ein brann med bensin og tennvæske»
«Ønsket om å opne opp for investeringar i atomvåpen er eit dødsønske, alliert land eller ikkje. Det er ikkje slik at ei amerikansk atombombe kjennest noko annleis enn ei frå Kina eller Nord-Korea,» skriv Maria Hassan Abdallah.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det einaste tryggande med førre vekes nyheit om etikkutvalet sin rapport med nye anbefalingar er at den har fått store reaksjonar.
Ein skulle ikkje tru at ein kunne putte ein prislapp på framtida vår, men det er visst ikkje etikkutvalet til Oljefondet einig i.
Eit dødsønske
Ønsket om å opne opp for investeringar i atomvåpen er eit dødsønske, alliert land eller ikkje. Det er ikkje slik at ei amerikansk atombombe kjennest noko annleis enn ei frå Kina eller Nord-Korea. Dei er like dødelege alle saman. Uavhengig av avsendar vil bruken av atomvåpen ha katastrofale humanitære konsekvensar for både menneske, dyr og klima. Denne konsekvensen vil ikkje redusere seg berre fordi intensjonen var god. Nei, dette er faktisk pisspreik for ein generasjon som er vakse opp med å gong etter gong minne dei vaksne på at me også gjerne vil ha ei framtid på denne jorda!
Det er ingenting anna enn naivt å tru at investeringar i utvikling av masseøydeleggingsvåpen er harmlaust, fredsfremmande, og ikkje «medvirker til eller selv er ansvarlige for grove etisk normbrudd».
Krig for profitt
Det er ingenting som er etisk med masseøydeleggingsvåpen. Det er makt, innflytelse og dessverre veldig mykje pengar. Slik har det alltid vore. Politikk og religion står som oftast fremst i skuldrekka for krig, men bak dei gøymer det seg profitt i kvalmande mengder. Profitt, som den Noreg tente i tida me var investerte i dei israelske selskapa oljefondet venta fire år inn i eit folkemord med å trekkje seg ut av.
Eg veit ikkje med dette utvalet, men eg har aldri sett nokon sløkke ein brann med bensin og tennvæske. Verda vår er allereie full av krig og konfliktar, som er drivne av aktørar med nettopp atomvåpen til disposisjon. Me vaknar opp kvar dag og håper at ingenting sviktar i eit system som er langt frå feilfritt.
Før det er for seint
Ventar me på at det skal gå gale? Me har gjentatte gongar i historia vore nære atomkrig. Me er ikkje meir verna frå dette i dag enn me var då. Det verkar som at desse nesten-tilfella ikkje er alarmerande nok, men at me nok ein gong ventar på at det skal gå ordentleg gale, slik at me då kan lære av det. Problemet med dette er at då er det for seint.
Viss eller når dette skjer, kan ikkje ein gong eitt av dei største investeringsfonda i verda berre kjøpe løysinga.
Derfor forventar me no at våre folkevalde på Stortinget skal stille opp for ein bekymra generasjon med handling, og ikkje berre varme ord.






