Bokmelding: Den julen du lyste – brukar karakterane til å setje oss på prøve
Maja Lunde har skrive ei bok som rører ved noko i oss alle: Er det noko det er verd å kjempe mindre for?
Maja Lunde har skrive ein roman som held fast ved det kvardagslege i høgtida, og som viser korleis det vanskelege held fast i oss. Handlinga går over to dagar: veslejulaftan og julaftan. Skal alle vere saman i jula? Faren har bestemt seg for å feire jul aleine, og hovudpersonen Anna bestemmer seg for å finne ut kvifor.
Anna er mor til tre barn og har vakse opp med ein raddis-far. Frå barndommen er det minne frå demonstrasjonar og hemmelege møte i stua deira som har blitt kokt saman til ei suppe, krydra med mykje kampvilje. For nokon kan det synast ekstremt. Men alle trur på noko, og dei fleste foreldre vil det beste for borna sine.
«Vi fulgte også regler, vi har alltid fulgt regler. Å være intenst frigjorte, intenst venstreradikale, intenst grønne, det følger veldig mange regler med det», skriv Lunde, og ein skjønar at Anna ikkje lenger et suppa som før.
Kjempar andre kampar
Eg likar at hovudpersonen er ei godt vaksen kvinne. Ho treng ikkje vere ung og lovande. Det kjennest som om eg kjenner henne, som om ho er kvinna alle kjenner. Det er ikkje så nøye korleis ho ser ut, så det står ikkje så mykje om det (bortsett frå at ho er høg).
Eg ser sonen hennar, Vilmer, føre meg. Han er eit barn, men blir teken på alvor. Lunde veit å skrive ut barnet i han. Det leikne, uskyldige og samstundes observante i rørsler og blikk. Brørne hamnar meir i skuggen, slik tenåringar gjerne gjer i jula. Dei er ikkje lenger midtpunkt i noko anna enn seg sjølv.
Det er eit hol i persongalleriet. Anna hugsar ikkje mor si. Ho som døydde altfor tidleg, og som kunne ha endra alt. Eit om og men som er ukjent for oss, og for Anna. Ho har arva kampviljen frå faren. Ho kjempar like fullt, men for andre ting. Kjempar kampar det er meir realistisk å vinne.
Faren er idealist, og eg trur idealisme og makt ikkje alltid ligg så langt ifrå kvarandre. For idealistane trur at verda kan endrast, og dei trur at deira eiga stemme, deira eige liv – kan endre verda. Det ligg det heldigvis makt i, men kva skjer med all krafta når ein blir sint, eller er freista til å gi opp?
Språk som køyrer og går
Språket er godt. Smidig som når ein køyrer på motorvegen. Snirklete, kreativt og uventa – som når ein køyrer på svingete småvegar. Nokre gonger er det som om ein stoppar opp ved ting, går ut av bilen for å sjå klårare. Andre gonger køyrer vi berre rett forbi ting. Eg snur meg i setet, lener hovudet inn mot bilvindauget for å sjå, takknemleg for det vesle eg får med meg.
Eg likar at ho held det på eit slags mellomstadium. At Lunde ikkje er freista til å overdrive meir i handlinga. Julemagien finst der, og samstundes alt det vonde. Dei eksisterer på same tid, og i same rom – og eg synest Lunde skriv godt om det. For liksom ein fot må føre ein annan når ein går, må eit ord komme føre eit anna når ein skriv. Språket vårt tillèt oss på eit vis berre å snakke om ein ting av gongen. Men her får vi meir med oss. I praksis er det berre luft mellom linjene. Men noko gjer at eg likevel, uanstrengt, les noko meir.
Lunde beskriv heimen deira med målinga, menneska og vindaugskarmen. Det er nokre scener eg blir øm i hjartet av. Som når Anna sit med sonen sin på fanget og føler seg aleine.

Bokomslag Aschehoug
Ubehageleg utfordrande
Maja Lunde er kjend for å bruke stemma si. Ho snakkar høgt om skjerm i skulen, barns fritid og klima. Slik Anna brukar biolog-yrket til å kanalisere sin kamp, brukar Lunde forfattarskapet sitt til det same. Ho brukar karakterane til å setje oss på prøve, same kvar ein står. Dei er ikkje berre gode eller vonde, har ikkje blankt rett eller feil – dei er familie. Far og dotter.
Ho brukar den gamle, urimelege faren til å få fram ikkje reint urimelege argument. Frustrasjonen over at verda ikkje blir ein betre stad – at det ein har kjempa og levd for ikkje får resultat – det kan ein skjøne gjer vondt. I Anna er vi nok mange som ser oss sjølv. Boka er ubehageleg utfordrande.
Ein sjanse til
Boka er ei trøyst for dei som er i ferd med å miste håpet. For dei som aldri får gjort heilt nok. Eg sit att og spør meg sjølv: Kva er det verdt å bli bitter og einsam for? Og er det noko det er verd å kjempe mindre for?
Eg hadde frysningar på siste side, og ikkje berre fordi haustkulda kjem. Eg var oppriktig spent. Boka handlar i stor grad om å gi ein sjanse til. Ein sjanse etter at ein eigentleg har gitt opp. Ein sjanse etter at snøen har falle.






