Navi Pillay får fredsprisen
Den sørafrikanske advokaten, dommaren og menneskerettsforkjemparen får Nobels fredspris for innsatsen sin for fred og internasjonal rett.
Fredag klokka 11.00 annonserte den norske nobelkomiteen at Nobels fredspris går til Navanthem «Navi» Pillay.
Ifølgje komiteen får ho prisen for innsatsen sin for fred og internasjonal rett.
– Ho har vore essensiell i å sørge for at krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta og folkemord blir straffeforfølgt, skriv komiteen i pressemeldinga om utdelinga.
Pillay har i laupet av sin karriere blant anna bidratt til at valdtekt og seksuelle brotsverk har blitt ein del av definisjonen av folkemord og brotsverk mot menneskeslekta, og ho leia FN-kommisjonen som slo fast at Israel begår folkemord på Gaza.
Då ho fekk vite at ho kjem til å få prisen, peika ho på nettopp dette arbeidet, ifølgje NRK.
– Det siste eg gjorde, var å levere rapporten om Gaza. Han slår fast at det som skjer der, er eit folkemord, sa ho til nyheitsbyrået AP.
Samstundes er Israel svært misnøgde med tildelinga.
– No som Nobelkomiteen har lønna den største løgna i det 21. århundre, applauderer garantert Joseph Goebbels frå helvete, skriv Israels utanriksdepartement på X, ifølgje NRK.
Dommarkarrieren
Pillay vart fødd inn i ein familie med indisk-tamilsk opphav i Sør-Afrika i 1941.
Der utdanna ho seg som advokat, og ho arbeidde mot strukturell diskriminering, raseskilje og ekskludering i Sør-Afrika.
Ho tok eit tydeleg standpunkt mot apartheid i heimlandet, og viste tidleg støtte til Nelson Mandela.
Etter regimeskiftet i 1994 vart ho utnemnd som høgsterettsdommar i landet, og vart slik den første ikkje-kvite kvinnelege høgsterettsdommaren i Sør-Afrika.
I tillegg til høgsterettsdommar har Pillay vore dommar i Den internasjonale domstolen for brotsverk i Rwanda (ICTR), dommar i Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) og FNs høgkommisær for menneskerettar.
Utvida folkeretten
Nobelkomiteen skriv at Pillay har utvida nedslagsfeltet til folkeretten.
– Gjennom usedvanleg mot og integritet har ho vore ein vegvisar i utviklinga av ein global rettsorden.
Ho har blant anna sørga for at seksuelle brotsverk er med i folkemordsdefinisjonen.
Pillay leia FNs undersøkingskommisjon for Gaza og dei okkuperte palestinske områda.
Kommisjonen slo i 2024 fast at både Hamas og Israel hadde gjort seg skuldig i krigsbrotsverk i etterkant av angrepet i Israel 7. oktober, og i 2025 skreiv Pillay ein kronikk i New York Times der ho slo fast at Israel hadde gjort seg skuldig i folkemord i Palestina.
– Det er ei veldig tydeleg stemme som Nobelkomiteen no vel å heidre, seier utanriksredaktør i NRK Sigurd Falkenberg Mikkelsen.






