Fleirtal på Stortinget for breiare HPV-vaksine

Eit forslag frå Høgre om at regjeringa skal få på plass ein HPV-vaksine som gir breiare vern mot HPV-relatert kreft og sjukdom, fekk fleirtal i Stortinget tysdag.

NPK-NTB
Publisert

Både Høgre, Frp, Senterpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og MDG stemde for forslaget.

– Det er ein viktig siger i kampen mot fleire HPV-relaterte kreftformer og sjukdommar, og det er ein viktig siger for å stoppe det uheldige sosiale skiljet som har fått utvikle seg der det er storleiken på lommeboka som avgjer kor godt du kan verne barna dine. Ingen barn skal bli alvorleg sjuke av noko vi faktisk kan førebyggje, skriv Erlend Svartdal Bøe i Høgre i ein e-post til NTB.

Viktig siger

– Denne veka kom også nyheita om at det blir innført vern mot Rs-virusinfeksjon i barnevaksinasjonsprogrammet. Det er ein viktig siger for Høgre og noko vi har løfta opp på Stortinget gong på gong, seier han.

HPV-viruset aukar risikoen for å få fleire kreftformer, som til dømes livmorhalskreft og peniskreft. HPV-vaksinen er det viktigaste for å verne seg mot viruset. Fleire europeiske land har dei siste åra bytt til ein HPV-vaksine som gir breiare vern, men ikkje Noreg.

Det er Cervarix-vaksinen som blir tilboden i dagens barnevaksinasjonsprogram, og den gir tilstrekkeleg vern mot livmorhalskreft. Men Gardasil9-vaksinen som fleire europeiske land har bytt til, gir breiare vern mot andre og veksande HPV-relaterte sjukdommar.

Studium viser svært godt vern

Ein studie frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at HPV-vaksinen gir svært godt vern mot alvorlege celleforandringar som kan føre til livmorhalskreft.

Nærast ingen unge kvinner som har fått vaksine mot HPV i barnevaksinasjonsprogrammet hadde alvorlege celleforandringar forårsaka av HPV16 eller HPV18, viser studien. HPV-typane 16 og 18 er dei som forårsakar dei fleste tilfella av livmorhalskreft.

Ifølgje FHI blir dei fleste som blir smitta av HPV, friske utan behandling, men nokre typar HPV kan gi celleforandringar som i sjeldne tilfelle kan utvikle seg til livmorhalskreft.

I 2025 var det 259 kvinner i Noreg som fekk påvist livmorhalskreft.