Oslo Raud Ungdom trekker seg frå kontroversiell demonstrasjon: – Tar avstand frå vald mot sivile
Raud Ungdom skuldar medarrangøren FOR for å stikke kjeppar i hjula for Palestina-støtte.
Oslo Raud Ungdom trekker seg frå demonstrasjonen «Støtt den palestinske motstandskampen» som skal skje i dag, tre år etter at Hamas gjekk til angrep på sivile i Israel.
Demonstrasjonen har fått kritikk for å uttrykke støtte til terrorangrepet 7. oktober, mellom anna ved å bruke bilete av Hamas-krigarar. Fleire har bede Raud Ungdom om å trekke seg.
Stilte krav
Det lokale ungdomspartiet viser til at medarrangøren, partiet Fred og rettferd (FOR), ikkje har imøtekomme krava Raud Ungdom har stilt til markeringa.
På Facebook skriv Oslo RU at dei har kravd at det ikkje skal flaggast til støtte for det iranske regimet, spesifikke organisasjonar som Hamas, og ikkje visast støtte til vald mot sivile under demonstrasjonen.
– Å bruke palestinarørsla for å uttrykke støtte til det iranske regimet som avrettar demonstrantar, er forkasteleg, og noko Oslo Raud Ungdom ikkje kan stille seg bak, skriv dei i innlegget.
Partileiar Marielle Leraand i FOR skriv i ein SMS til Framtida at partiet «fordømmer ikke grupper og land som står opp mot folkemorderne».
Fordømmer angrep på sivile
Samstundes understrekar Oslo RU at dei støttar retten for alle undertrykte folk i alle land til å yte motstand.
– Det einaste som hindrar Gaza og det palestinske folk frå å bli utsletta, er motstandskampen deira. Når vi seier «Fritt Palestina», meiner vi det på alvor. Vi seier det ikkje berre når det er høveleg for å vinne valkamp. Skal ein støtte frigjeringa til det palestinske folket, må ein støtte motstandsrørsla, skriv dei i innlegget.
– Samstundes fordømmer vi sjølvsagt angrep på sivile, uavhengig av kven som står bak. Vi tar avstand frå angrepa mot sivile 7. oktober, akkurat som vi tar avstand frå Israel sine tallause folkerettsbrot mot palestinarane.
Oslo RU skriv at dei trekker seg etter lange og gode diskusjonar og ein demokratisk prosess i distriktsstyret.
– Ein god demokratisk prosess tar tid, og det må media ha respekt for.
– Støttar reaksjonære organisasjonar
Oslo RU skuldar også partiet FOR for å sette kjeppar i hjula for å kunne vise legitim støtte til den palestinske motstandskampen, og kallar dei «rabiate».
– FOR har uttalt støtte til reaksjonære organisasjonar og regime, og vil bruke støttemarkeringa til å tene dette føremålet. FOR sine uttaler bryt djupt med vårt verdigrunnlag. Som marxistar har vi i Raud Ungdom alltid kritisert og teke avstand frå dei politiske prosjekta til desse organisasjonane, skriv Oslo RU.
Slik svarar Leraand i FOR på kritikken frå RU:
– Vi håpar at RU etter kvart vil slutte seg til kampen mot den løgnaktige forteljinga til sionistane om at 7. oktober, som var eit motangrep mot eit folkemord som allereie var i gang, var «vald mot sivile», og gi støtte til Iran og andre land som er under angrep frå USA og andre norske Nato-allierte.





