Kultur

«Samisk er meir enn 6. februar»

Det er kjempeflott at fleire unge ønsker å lære seg samisk, men kva gjer dei når det ikkje er nok lærarar? skriv Eriell Teresia Harila-Jensenius.

Eriell Teresia Harila-Jensenius (17)
Leiar av elevorganisasjonen i Finnmark og Finnmark ungdomsråd
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvart år er 6. februar samanes nasjonaldag. Vi heiser det samiske flagget, ein lærer kanskje nokre samiske ord og snakkar om samisk kultur i skulen.

Så er dagen ferdig, og det blir 7. februar, og alt er borte.

I dag er det fleire elvar som lærer samisk enn på mange år. I skuleåret 2024–2025 hadde 2776 elevar i grunnskulen samisk som første eller andrespråk. I vidaregåande var talet 665 elevar. Samstundes var det berre 225 lærarar som underviste i samisk i grunnskulen.

Det er kjempeflott at fleire unge ønsker å lære seg samisk, men kva gjer dei når det ikkje er nok lærarar?

Vi må strekke oss etter og jobbe for fleire samisklærarar. Det må bli meir attraktivt å velje samisk i lærarutdanninga, og det må finnast gode ordningar for stipend, rekruttering og vidareutdanning.

Kor skal ein få kunnskapen frå?

Men dette handlar om meir enn lærarrekruttering. Elevar treng god, samanhengande og grundig samisk opplæring i skulen. Samiske elevar skal sjølvsagt ha reelle moglegheiter til å lære og bruke sitt eige språk. Men alle elevar treng også kunnskap om samisk historie, kultur og samfunn.

Eg møter sjølv fordommar knytte til det samiske også i dag. Det er ikkje nødvendigvis vondsinna fordommar. Ofte møter eg menneske som rett og slett ikkje veit nok.

Og kanskje er det nettopp det som er problemet. Når ein aldri har lært ordentleg om samar på skulen, om fornorskingspolitikken, om kvifor samiske språk er truga og om korleis samar lever i dag, kor skal ein då få kunnskapen frå?

Mangel på kunnskap er ofte grunnmuren for fordommar.

Forsoning må merkast

God samiskopplæring er også eit spørsmål om forsoning.

Sannings- og forsoningskommisjonen undersøkte fornorskingspolitikken overfor samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar. Kommisjonen skulle mellom anna sjå på skulens rolle og korleis fornorskinga framleis påverkar samfunnet. Eit sentralt mål var å legge grunnlaget for ei felles forståing og vidare forsoning.

Ei unnskyldning er ikkje slutten, men starten på ansvaret. Forsoning kan ikkje berre vere noko politikarane snakkar om på Stortinget. Forsoning må merkast i samfunnet.

Det må merkast når ein samisk elev får moglegheita til å lære språket familien kanskje har mista. Det må merkast når ein elev som aldri har møtt samisk historie før, lærer om fornorskinga og forstår kvifor dagens språksituasjon er som han er. Og det må merkast når ein ungdom som tidlegare hadde fordommar, får kunnskap nok til å forstå at fordommane bygde på uvissa.

Det er forsoning.

Ikkje berre ein merkedag

Og dette gjeld ikkje berre det samiske.

Kvensk må òg få ein større og meir naturleg plass i skulen. Vi kan ikkje snakke om forsoning med samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar utan å sørge for at unge faktisk lærer om historia deira.

Vi må slutte å behandle samisk som eit tema som vert teke fram når kalenderen viser 6. februar. Dette er ikkje ein merkedag, men eit folk, eit språk og noko som skal vere likestilt med det norske.

Språk lever fordi menneske brukar dei. Når språk er truga, må samfunnet gjere meir for å skape arenaer kor dei kan brukast og lærast vidare.

Det er difor vi treng fleire samisklærarar. Vi treng betre læremiddel. Vi treng fleire språkarenaer. Vi treng god undervisning gjennom heile skuleløpet. Og vi treng at alle elevar får nok kunnskap om samisk historie, språk og kultur til at vankunne ikkje blir ståande som grunnlag for fordommar.

Ungom må bli høyrde

Eg er sjølv med i Váibmugiella UB, og gjennom det arbeidet får eg endå større forståing for kor mykje språk betyr for identitet, tilhøyrsle og framtid.

Ein kan ikkje seie at ein ønsker å bevare samiske språk, samstundes som vi aksepterer at elevar manglar lærarar, læremiddel eller moglegheiter til å bruke språket.

Som leiar i Elevorganisasjonen i Finnmark og leiar i Finnmark ungdomsråd meiner eg at ungdom må få vere del av denne diskusjonen.

Vi må lytte til ungdom som ønsker å lære samisk. Vi må lytte til ungdom som allereie snakkar språket. Og vi må lytte til ungdom som har opplevd fordommar og vankunne.

For viss vi meiner alvor med forsoning, kan ikkje ungdom berre vere tilskodarar.

Meir enn 6. februar

Så mi oppmoding til politikarane er:

• Utdann fleire samisklærarar

• Styrk samiskopplæringa

• Gi elevar fleire arenaer for å bruke samisk

• Styrk undervisinga om samisk og kvensk historie og kultur for alle elevar

• Følg opp Sannings- og forsoningskommisjonens anbefalingar med handling

• Og gjer forsoning til noko som faktisk merkast i skulen.

For samisk er meir enn 6. februar.

Og forsoning er meir enn ei orsaking.