Programleiaren og forfattaren Hasse Hope lét vere å dra på Daft Punk-konsert då han var 20, og har angra sidan.

Einar Nygaard
Publisert

– Eg var i Frankrike! Det var meg og 14 norske jenter som høyrte på Gnarls Barkley’s «Crazy» fleire gongar den kvelden.

Slik hugsar Hans Christian Hope Heyerdahl (40), betre kjent som Hasse Hope, bursdagen sin for 20 år sidan.

– Eg hadde på meg turkis t-skjorte og stripete dressjakke, noko eg ikkje anbefaler nokon å gå i, skriv han i ein e-post til Framtida.

Lokka til Japan

Våren han blei 20, tok Hope franskstudium på universitetet i Montpellier. Hausten same år drog han åleine til Japan for å studere.

Det skulle bli eitt av dei sterkaste minna han har frå han var 20.

– Fyrste kvelden åleine i Tokyo, vandrande rundt i Shibuya med intens jetlag, men kjensla av at no begynner vaksenlivet, og alt kan skje.

Hope beskriv det som heilt surrealistisk.

– Men fantastisk.

Var supernerd

Hasse Hope har mellom anna vore programleiar for «Karl Johan» og «Tweet for Tweet». | Foto: Privat

Noko av det som lokka han til Japan, var korleis landet omfamnar det å vere annleis, skriv han.

– Heile mi tid på vidaregåande var prega av enormt mykje nerding rundt japanske dataspel, filmar, teikneseriar og liknande. Då eg fann ut at det faktisk gjekk an å studere språket, og til og med reise dit på utveksling, då måtte eg berre gjere det, skriv han.

– Når du ser tilbake, kor mykje av den nerdete delen av deg er forma av tida di i Japan?

– Eg var allereie supernerd, Japan var berre med på å styrke dette, skriv Hope.

– Så eg vil nok seie at landet var viktigare for alt anna, altså for meg som vaksen. Det blei ei danningsreise!

Lét vere å sjå Daft Punk

https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Daft_Punk,_14-6-2007,_Bercy,_Paris.jpg

Daft Punk under Alive Tour i Paris. Det var deira andre og siste turné. Foto: Nicole Blommers, via Wikimedia

Hope skriv at tida hans i Japan var den perioden i livet då han var minst oppteken av verda rundt seg.

– Eg ville alt skulle handle om Japan. Men eg hugsar eg sat på internettkafé i Sapporo og las at Al Gore hadde vunne fredsprisen. Eg hugsar òg at vi vurderte å dra til Tokyo på Daft Punk sin Alive-turné, men enda opp med å ikkje gidde.

Det har han angra på sidan den gong, skriv han.

– Daft Punk er bandet eg har aller mest lyst til å sjå live, og dei har lagt opp!

Pugga mykje og las Mykle

Hope hugsar at å lære seg japansk innebar vanvettige mengder pugging, og at halve dagen gjekk bort til studium.

Lasso rundt fru Luna - Agnar Mykle

Lasso rundt fru Luna (1954) fekk ein oppfølgjar i Songen om den røde rubin (1956). Bokomslag: Gyldendal.

– Sjølv om japansk har veldig enkel uttale for nordmenn, er grammatikken og skriftteikna veldig kompliserte.

– På kvelden spelte vi dataspel, eller drog inn til sentrum på pub for å bli betre kjent med japanarar. Dei lærte oss grammatikken som lærarane ikkje torde å vise oss, skriv han.

Og når han ikkje var med andre, såg han mellom anna på serien Dexter.

– Den hadde enno ikkje rokke å bli dårleg. Eg las Agnar Mykles Lasso rundt fru Luna, ei perfekt bok for ein mann i starten av 20-åra. Eg lytta til Daft Punk.

Fekk eldre mentor

I denne perioden var det den sju år eldre klassekameraten Bjarte Arneson som blei den viktigaste personen i livet hans. Han blei ein slags mentor som lærte Hope om vaksenlivet, fortel han.

– Når ein alltid har budd hjå mamma og pappa og plutseleg blir kasta ut i studentlivet, er det ein del ting ein har godt av å lære om matlaging, rydding, kor mykje ein skal tipse ein kelner, og om nokon prøver å sjekke deg opp, eller eigentleg berre er høflege. Takk, Bjarte.

Den største frykta var kjærleiken

Hope hadde ingen klar ide om kva han skulle bli.

– Eg berre studerte det eg likte. Å bli japansk tolk er det veldig få som kan bli, så dette var berre for moro. Men eg hadde tankar om å kanskje bli diplomat eller noko i den retninga.

Han visste heller ikkje korleis framtida skulle sjå ut.

– Eg hugsar at eg ikkje hadde noka aning, men at det av ein eller anna grunn ikkje bekymra meg. Eg har blitt ein veldig nevrotisk og bekymra person, så dette kan eg ikkje forstå. Skulle likt å lære litt av unge Hasse!

Det som derimot var ei bekymring, var å ikkje få seg kjærast. Han beskriv det som si største frykt på den tida.

– Late bloomer! Og det skulle ta mange år før akkurat dét kom i hamn, skriv han.

Smultringskjegg

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Kvifor i alle dagar har du valt å gå for smultringskjegg?

Skulle han gitt 20 år gamle Hasse eit råd, ville det vore å halde fram å følgje moroa.

– Studer det du likar. Finn deg ein jobb du synest er gøy, ikkje fordi han gjer deg rik. Og barber av deg det smultringskjegget.