Ungdomsskuleelevar om Pisa-sjokket: – Mobilen øydelegg hjernane våre

Ein tredjedel av norske elevar les så dårleg at dei vil slite i vidare utdanning og arbeidsliv, ifølgje Pisa 2025. Norske ungdomsskuleelevar meiner at ein ikkje er dum berre fordi ein les dårleg.

Mia Huse
Publisert

– Eg synest lesing er heilt sånn, OK. Det er ikkje det beste i verda, men det er greitt liksom, seier Sofia Ofulue.

Framtida.no møter niandeklassingen på Ellingsrud ungdomsskule for å snakke om lesing og Pisa-undersøkinga.

– Eg synest lesing er veldig kjedeleg, innrømmer Sofia Hjortland Folkesson, og fleire av medelevane seier seg einige.

 

Kva er Pisa?

Pisa (Programme for International Student Assessment) er ei internasjonal undersøking av kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag.

Undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år. I 2025 vart ho gjennomført for niande gong, og elevar i 91 land deltok.

Undersøkinga blir gjort av OECD (Organisation for Economic Co-operation and Developement).

Målet med Pisa er å vurdere kor godt elevane kan bruke kunnskapar og ferdigheiter som dei har lært i grunnskulen.

Tidlegare i september kom resultata av Pisa-undersøkinga 2025. Der kjem det fram at gjennomsnittsresultata til norske elevar i Pisa 2025 er betydeleg dårlegare enn i Pisa 2022, ifølgje Utdanningsdirektoratets Pisa-rapport.

Norske elevar las betre enn OECD-gjennomsnittet i 2015 og 2018. I 2022 var dei på same nivå.

I 2025 las norske elevar dårlegare enn gjennomsnittet.

Kvar tredje norske elev presterer under nivå 2 i lesing. Nivå 2 blir rekna som ei nedre grense for det elevane bør kunne for vidare utdanning og arbeidsliv.

Lesing på skulen

– Eg føler eg har betre ting å gjere, seier Said-Ahmad Khachuroev frå Ellingsrud ungdomsskule.

Mehdi Mohasili og Gunnhild Haga Lauten synest det er gøy å lese.

– Men det kjem veldig an på boka. Nokre bøker er veldig kjedelege, og nokre er veldig morosame, seier Gunnhild.

Elevane les på skulen og har i heimelekse å lese, så dei fleste les kvar dag.

– Kva synest de om at de må lese på skulen?

– Eg synest det er ei god moglegheit, seier Miran Ali Bakir.

Ahmad er meir skeptisk.

– Eg synest at det er litt dårleg. Verda utviklar seg og me er på telefonen heile tida. Me burde kanskje utvikle måten me lærer og les på.

Mehdi seier seg einig.

– Eg synest nokre gongar det er hyggeleg å lese ei bok saman i klassa. Men eg likar ikkje så godt når me skal lese kvar vår bok i 15 minutt, seier Frøydis Müth Myrvoll.

Mobiltelefonen

Elevane har ei rekke teoriar om kvifor unge synest lesing er kjedeleg.

– Eg trur dei fleste synest lesing er kjedeleg fordi det er mange andre, morosame ting ein kan gjere, som telefon, pc, sport og aktivitetar, seier Mehdi.

– Det er på grunn av mobilen, han øydelegg hjernane våre, seier Miran.

– Eg trur me får verre konsentrasjonsevne av telefonane våre, til dømes når me ser på TikTok. Me er vane med å sjå på korte, underhaldande videoar, og då likar me ikkje å lese ei bok i lang tid, seier Ahmad.

Elevane synest det er også at det er vanskeleg å konsentrere seg om å lese.

– Hjernen min berre gidd ikkje, seier Mehdi.

– Synest de det er dumt at de synest lesing er kjedeleg?

– Ja, eg skulle ynskje det var betre, seier Ahmad.

Dei andre stemmer i.

– Synest de det er dumt at unge ikkje les så mykje?

– Ja, me er einige med dei vaksne, seier Mehdi.

Mohammad Adam Pervez Raja (f.v.), Miran Ali Bakir, Ingrid Kippe Fredriksen, Gunnhild Haga Lauten og Frøydis Müth Myrvoll trur mobiltelefonen og TikTok er ein stor del av grunnen til at unge les mindre. | Foto: Mia Huse.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har sagt til NRK at ho synest Pisa-resultata er svært alvorlege.

Ho meiner at det er alarmerande at 41 prosent av norske gutar les så dårleg at dei vil ha problem med å klare seg i vidare utdanning.

Undersøkinga vart også diskutert på NRK-programmet Debatten, der lektor og journalist Sanna Sarromaa kalla den norske skolen «fullstendig rævkjørt».

– Er du opptatt av at barna dine skal bli noko anna enn amøber som tissar på seg på guterommet, må du stenge internettet, kaste PlayStation, sa ho til norske foreldre.

 

Lesing i PISA 2025

I 2015 og 2018 presterte norske elevar over OECD-gjennomsnittet i lesing. 

I 2022 presterte dei på same nivå som gjennomsnittet.

I 2025 låg dei under gjennomsnittet.

34 prosent av norske elevar presterer under nivå 2 av 6. Nivå 2 blir rekna som ei nedre grense for det elevane bør kunne for vidare utdanning og arbeidsliv. 

41 prosent av gutane ligg under nivå 2, medan det same gjeld for 27 prosent av jentene. 

Det var ein nedgang i leseresultata for båe dei nordiske landa og OECD-gjennomsnittet.

– Gaming er betre

– Me bryr oss ikkje noko særleg om henne. Telefonbruk og sosiale medium er mykje verre enn gaming. Når du gamar bruker du hjernen din til å gjere ei oppgåve, medan på TikTok sit du berre og skrollar konstant, seier Mehdi om Sanna Sarromaas kritikk av gaming.

Ahmad skyt inn at gaming er bra for utvikling av engelske språkferdigheiter, refleksar og konsentrasjon.

– Gaming er jo eigentleg litt betre enn å skrolle, fordi det er jo ein ting som du fokuserer på lenge, seier Gunnhild.

Ikkje dumme

Elevane ved Ellingsrud ungdomsskule kjenner seg ikkje særleg påverka av det fleire medium omtalar som Pisa-sjokket. Dei er heller ikkje så bekymra for resultata.

Sofia Ofulue synest det er dumt at dei vaksne snakkar så mykje om ei lesekrise.

Ho synest ikkje at elevane er dumme berre fordi dei gjer det dårleg i lesing i Pisa-testane.

– Det viser ikkje heile kompetansen din, seier Ahmad.

Elevane trur det handlar om at deira generasjon har tilgang på teknologi som gjer lesing vanskelegare, som KI, smarttelefonar og sosiale medium, heller enn at dei er dummare enn tidlegare generasjonar.

Elevane trur heller ikkje at dei lærer best av å lese.

– Eg synest det er betre å snakke saman enn å lese, seier Sofia Ofulue.

Miran meiner at dei lærer mykje betre av presentasjonar og diskusjonar.

– Lesing er jo ein bra måte å lære, men me er jo i ei skikkeleg moderne tid, så det er kanskje betre måtar å lære på, seier Ahmad.

Han synest reaksjonane på Pisa-tala peiker på ei misforståing.

– Me har masse moderne teknologi, så dei vaksne bør utvikle måten dei lærer barna sine på. Den gammaldagse metoden deira funkar ikkje lenger, seier han.

Tiltak

Elevane har ei rekke forslag til korleis dei kunne blitt betre til og meir glad i å lese.

– Kanskje foreldre kunne sete med ungane sine og lese saman, seier Mohammad Adam Pervez Rajav.

Miran foreslår skjermtid på mobil.

– Dersom ein berre har to timar skjermtid om dagen, kan ein finne på andre ting, som å lese bok, seier han.

Dei andre nikkar.

– Viss det hadde vore litt fleire spennande bøker som folk var interesserte i, så hadde jo folk fått meir lyst til å lese, seier Gunnhild.

Ahmad trekker fram at det likevel er vanskeleg å sitje og sjå på ei bok lenge, noko dei andre er einige i.

– Eg trur noko som kunne vore bra er når heile klassa held ei bok, og så les alle kvar si setning høgt, seier Miran. Dei andre elevane er einige.

Framtida spør om dei blir motiverte av prosjekt som Boktober, der elevane kan lese ei bok med blant anna Oskar Westerlin gjennom NRK.

– Eg veit ikkje kven han er, så eg blir ikkje motivert, seier Mehdi.

Men det kjem an på kva for kjendis det er, ifølgje Miran.

– Viss det var Ronaldo hadde eg lese med han, seier han.