Set av 800 millionar til ungdomskriminalitet – avviser «svenske tilstandar»

Regjeringa vil ifølgje VG bruke 120 millionar kroner meir til kamp mot ungdomskriminalitet i statsbudsjettet for neste år.

NPK-NTB
Publisert

Det betyr at totalt 800 millionar kroner blir foreslått til ei vidare satsing mot ungdomskriminalitet, skriv VG.

– Dei rundt 120 millionane er den tredje trinnvise auken i «tryggingspakken». Samla betyr det rundt 800 millionar neste år, og 1,9 milliardar totalt i treårsperioden frå 2025 til 2027, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) til avisa.

Blant tiltaka er 45,6 millionar kroner til barnevernsinstitusjonar, som mellom anna skal gi tilsette tilgang til å sjekke mobiltelefonane til barna for å avdekkje kontakt med kriminelle nettverk.

Etter at Frp-leiar Sylvi Listhaug hevda at Noreg har fått «svenske tilstandar», avviser justisministeren påstanden.

– Nei, vi har heldigvis ikkje fått svenske tilstandar, seier Aas-Hansen til VG.

Oslo-politiet melder om 25 prosent nedgang i talet på gjengkriminelle under 18 år dei siste seks månadene.