Skrivekonkurransebidrag: Er det ekte?
Eg er ikkje redd for at komikarane skal bli arbeidslause med det fyrste, grunna KI. Eg er meir redd for han som retorikar, skriv Anna Svenkerud Franing.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Denne teksta fekk heiderleg omtale av juryen i Framtida sin skrivekonkurranse «Teknologi i framtida».
Om KI er framgang eller trugsel?
Vent litt, eg skal berre sjekke Instagram.
Eg kan umogleg vere den einaste som har fått reels på sosiale medium frå foreldra mine, kor eg blir nøydd å påpeike at det er KI. Noko som er ironisk, for er det ikkje nettopp dei vaksne som har oppfordra oss til å ikkje stole på alt me ser på internett? Viss det fortset slik, risikerer me nok at i alle fall foreldregenerasjonen og oppover blir utrydda av KI.
I eit digitalisert samfunn kor me er besett av å spare meir tid for å kunne oppnå intelligensen til ein amøbe, så risikerer me at me godtar ting som ikkje stemmer med røyndommen. Eg er ikkje redd for at komikarane skal bli arbeidslause med det fyrste, grunna KI. Eg er meir redd for han som retorikar.
KI klarer i alle fall ofte å overtyde om ting som ikkje er ekte.
Eit eksempel er Asker kommune som brukte ein KI-generert dom i ei sak for å fjerne demonstrantar, problemet er berre at dommen dei tok utgangspunkt i ikkje eksisterte. Når ein så konfronterer KI med saker som dette, eller spør «er du heilt sikker på akkurat det?». Då vel KI å skifte heile sin merkelege personlegdom frå ein manipulerande løgnhals til ei uskyldig flink jente som gjer alt i si makt for å vinne tilbake din tillit med unnskyldningar og stadfesting.
Eg trur KI rett og slett treng utgreiing hos psykolog før andre må dit på grunn av han.
Me høyrer stadig om KI i nyheitene. Frå bustadannonsar med gigantiske barn til angrep KI har gjort på ulike bedrifter.
Det nye slagordet må vel vere «ny dag, nye moglegheiter for å bli lurt av KI.» Det er likevel mykje viktigare å vere kjeldekritisk enn å berre godta at ein skal møte på kjempar rundt i nabolaget, for Roald Dahls SVK er trass alt ikkje nokon dokumentar.
Eller at du ender med å tenkje at hundar plutseleg kan danse på lik linje med menneske. Då risikerer du nok å ende på psykiatrisk eller utgreiing for demens. Så risikerer du vidare å måtte møte på KI i helsevesenet også, som fortel deg kor ekte du trass alt er. Lett for KI å si! Darwin hadde nok snudd seg i grava over denne utviklinga av homo sapiens.
Me har ikkje utvikla ein så stor hjerne for å ende opp som amøbar igjen.
Det skadar derfor ikkje å bruke litt meir av dei 1000 timane på TikTok til faktasjekking i staden.
Me kan prøve å lure KI så mykje me vil. På sosiale medium har eg sett korleis folk skriv at dei er ein svolten fisk til KI, og vidare korleis KI desperat ber personen om å ikkje bite på marken som dansar framføre dei i vatnet. Spørsmålet er om KI etter kvart blir så intelligent og tilpassingsdyktig at han klarer å lure oss menneske endå meir? At det er me som bit på kroken i staden.
Derfor vil kjeldekritikk og å vere i forkant bli endå viktigare framover. Ikkje ta alt for god fisk.
Det blir særleg viktig i skulen. PISA-undersøkinga viser at ferdigheiter i blant anna lesing og matematikk stuper. Og når ein ikkje forstår noko av oppgåva eller teksten, er det jo alltid best å berre spørje og stole heilt blindt på ein som nokon gonger fortel sanninga og samarbeider, og nokon gonger ikkje. Det er sjølvsagt heilt rett at absolutt ingenting kjem til å gå gale.
Ein må hugse at ingen er perfekte, og KI er ikkje eit unntak.
Kanskje kjem KI til å lese dette, men det er viktig for meg å presisere at han får vite at ein komikarkarriere er heilt uaktuelt for han.
For når KI brøler av latter over eigne vitsar som me eigentleg ikkje forstår, så må nokon faktisk seie sanninga. Me må berre sørge for at han ikkje startar å få latterkrampe av oss menneske i staden. Me må starte med å sjekke kjeldene bak påstandane, sjekke forfattaren sitt truverd og om det er noko evidens, slik professorane seier. Ikkje tenkje at KI sjølvsagt alltid har rett.
Sjølv om KI kan brukast for å gjere noko meir effektivt, så må me ikkje bli dei nikkedokkene i butikkvindauget kor glaset lett kan bli øydelagt. Ver litt meir som dei riddarane i staden. Viss me ikkje gjer det, så risikerer me truleg å bli veldig sårbare amøbar i møte med superskremsel retorikk og superintelligens.
Ein ting er i kvart fall sikkert: eg blir superredd om du har på deg briller.






