Meldarane sine tips til «boktober»

«Booktober», eller «boktober» på norsk, har blitt eit fenomen dei siste åra. Her er Framtida-meldarane sine anbefalingar til bøker du kan ta fatt på etter kvart som haustmørket sig på.

Framtida
Publisert

Fallteknikk av Inga H. Sætre

Omslag Fallteknikk av Inga Sætre (Heftet)

Bokomslag: Cappelen Damm

Fallteknikk er Inga H. Sætre sin Bragepris-vinnande teikneserie-roman frå 2011. 

Boka handlar om Rakel som flyttar heimanfrå då ho skal byrja på vidaregåande. På ein ny stad må ho sjølv finna ut av livet og kven ho er. Og utan at det var planlagt, blir Rakel gravid.

Illustrasjonane er enkle, men verknadsfulle. Sætre sine teikningar er utruleg søte. Dette er ei sånn bok du blir så glad i at du får lyst til å klemma ho.

Fallteknikk blei laust filmatisert som Ninjababy i 2021. 

Anbefalt av Magnus Rotevatn

Ingenlund av Jessica Townsend

Ingenlund - Morrigans forbannelse

Bokomslag: Vigmostad & Bjørke

Fleire av barna i Sjakkelfoss blir dømde til å døy den dagen dei fyller 11 år. Dei blir kalla «forbanna barn». Men ikkje berre skal dei døy, dei får også skulda for alle uhell og ulukker som rammar byen og innbyggarane.

Morrigan Kråkh er eitt av desse barna. Ikkje at nokon syntest synd på ho. Ettersom mora hennar døydde under fødselen, som sjølvsagt berre kunne vere éin person si skuld, har faren stifta ein ny familie. Morrigan skal jo døy uansett.

Likevel skjer det noko merkverdig på hennar ellevte bursdag. Snart finn ho ut at det kanskje ikkje er så grufullt å vere eit forbanna barn, men at det heller er ei gåve.

Anbefalt av Herman Søberg

Fordelene ved å være veggpryd av Stephen Chbosky

Fordelene ved å være veggpryd

Bokomslag: Pantagruel

Fordelene ved å være veggpryd, med den originale tittelen The Perks of Being a Wallflower, av Stephen Chbosky kom fyrst ut på engelsk i 1999, men har blitt ein moderne klassikar som alle burde lese minst ein gong i løpet av livet.

Vi møter hovudpersonen Charlie, som er det ein kan omtale som ein «wallflower», ein sjenert og tilbaketrekt person som unngår å vere midtpunktet i sosiale settingar. Gjennom å vere ein «wallflower» observerer Charlie dei andre unge menneska han omgir seg med, på og utanfor skulen. Gjennom Charlie sine auge, og brev han skriv om livet sitt, vert ei vakker forteljing om kjærleik, venskap, sorg, familiedrama, sex, narkotika og livet som ungdom, fortald.

Fordelene ved å være veggpryd er ei nydeleg haustbok, som set i gang lesarens tankar og kjensler. Den norske omsetjinga av romanen er minst like bra som den engelske originalen. Når du har lese romanen, kan du også sjå filmatiseringa frå 2012, med fleire kjende skodespelarar som Emma Watson, Nina Dobrev og Paul Rudd.

Anbefalt av Sigrid Forbod Hoseth

Av måneskinn gror det ingenting av Torborg Nedreaas

Av måneskinn gror det ingenting

Bokomslag: Aschehoug

Torborg Nedreaas si bok Av måneskinn gror det ingenting er eit stilistisk meisterverk og ein pageturnar utan like.

Handlinga føregår gjennom seine nattetimar. Ein mann tek med seg ei namnlaus kvinne heim, og ho skjenkar seg sjølv full for å klara å fortelja livshistoria si.

Sakte, men sikkert, skrir ei brutal forteljing fram. Her er det djup kjærleik, svik, begjær, barn som må haldast skjult, håp og løyndommar som aldri må koma fram. Dette er røffare enn i nokon annan norsk roman.

Viss auga dine ikkje er klistra fast til boksidene medan du les denne, er det noko alvorleg gale med deg.

Anbefalt av Magnus Rotevatn

Alle andre av Sally Rooney

Bokomslag: Bonnier Norsk Forlag

Marianne er ei innelukka og einsam jente. Ho har få vener, ingen kjærast, og eit spinkelt sosialt liv. På vidaregåande er ho kjend som den sære og sjenerte jenta alle lett kunne avsky.

Connell, derimot, har vunne den sosiale konkurransen. Alle jentene er forelska i han, og alle gutane vil vere venen hans.

Så kva skjer når den mest populære guten forelskar seg i den mest upopulære jenta?

Alle andre er ei hjarteskjerande forteljing om å vere ein annan sin løyndom. Om korleis det er å vere avhengig av å elske ein annan. Om kjærleik som kjennest så viktig at verda rundt blir døyvd.

Anbefalt av Herman Søberg

Jævelunge av Frederik Svinland

Omslag Jævelunge av Frederik Svindland (Innbundet)

Bokomslag: Cappelen Damm

Synest du kanskje at det er litt vanskeleg å komme ordentleg i gang med ei bok? Skulle du ynskje at fleire bøker ikkje var så seriøse, og ynskjer deg heller ei meir lættis bok? Då bør du definitivt sjekke ut Jævelunge av Frederik Svinland.

Jævelunge handlar om Vito, som veks opp på 90-talet. Gjennom ein morosam og dramatisk roman om venskap, kjærleik og det å vekse opp, får lesaren innblikk i korleis det er å vere ung. Trass i at livet til Vito ikkje alltid er så lett, og trass i at han relativt ofte hamnar i ei rekke uheldige hendingar, har han ei innstilling til livet som ber preg av positivitet og glede.

Jævelunge er ei flott bok for dei som synest at det kan vere litt vanskeleg å lese ei heil bok. Det er også ei bok for dei som elska En pingles dagbok på barneskulen, men som ikkje har plukka opp ei bok i ettertid.

Om Jævelunge er ei bok som fell i smak, er du så heldig at bok nummer to og tre om Vito, Kaja 2000 og Porsgrunn Porselen, også har kome ut!

Anbefalt av Sigrid Forbod Hoseth