No kjem skattepengane

Onsdag er første utbetalingsdag for skattepengane. Annankvar nordmann får igjen pengar på skatten, og dei første kronene er allereie på veg inn på konto.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stadig fleire får eit tidleg skatteoppgjer. Det er mogleg fordi dei aller fleste av oss no er elektroniske brukarar. Det har ført til at sjølvmeldinga er ei stadig enklare oppgåve å utføre for innbyggjarane, samtidig som vi kan levere eit raskare og sikrare skatteoppgjer, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

LES OGSÅ: Banksjef ber folk tømme sparekontoane

Tre av fire skattytarar får skatteoppgjeret berre elektronisk. Dei 2,5 millionar skattebetalarane som har pengar til gode får desse utbetalt innan to veker, opplyser skatteetaten i ei pressemelding. Til saman får dei tilbake drygt 27 milliardar kroner.

Samtidig er det drygt ein halv million lønnstakarar og pensjonistar som må betale 7,4 milliardar i restskatt. Dei som skuldar inntil 1.000 kroner, må gjere opp for seg innan 20. august. Beløp over 1.000 kroner blir delt i to terminar med innbetaling 20. august og 24. september. (©NPK)

LES OGSÅ: – Menn forstår økonomi betre enn kvinner