KrFU vil fjerne hatparagrafen
KrFU går inn for å fjerne paragrafen i straffelova om hatefulle ytringar. Ungdomspartiet meiner lova kan avgrense ytringsfridommen.
Forslaget frå Oslo KrFU blei vedteken med stort fleirtal på landsmøtet til ungdomspartiet i helga, skriv Vårt Land.
– Det er ei dårleg lov, som er utydeleg og vanskeleg å forstå. Vi bør droppe ho, sa nestleiar Knut Haraldsen i Oslo KrFU før røystinga.
Straffelova paragraf 185, ofte kalla hatparagrafen, gjer det straffbart offentleg å true eller håne nokon eller fremje hat, forfølging eller forakt på grunn av mellom anna etnisitet, religion, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller funksjonsevne. Strafferamma er bot eller fengsel i inntil tre år.
KrFUs programkomité foreslo i vår at ein ny ytringsfridomskommisjon skulle vurdere om lova har ein nedkjølande effekt på ytringsfridommen. Landsmøtet gjekk dermed lenger enn komiteen.






