Val i Sverige: – Unge vil ha raudgrønt
Det ligg an til eit tett løp i det svenske valet på sundag.
– Om vi ser på statistikken, så skulle dei raudgrøne partia vinne valet om det er unge mellom 18 og 25 år som avgjorde resultatet.
Det skriv Alexander Rydberg, leiar i Sveriges ungdomsråd, på e-post til Framtida.
Svenskane går til valurnene på sundag for å velje nye medlemer til Riksdagen, det svenske Stortinget.
Opposisjonen har lenge leia løpet. Socialdemokraterna – søsterpartiet til norske Ap – har lege godt an på meiningsmålingane, men i løpet av sommaren har biletet endra seg drastisk. Leiar Magdalena Andersson er likevel statsministerfavoritt.
Slik ligg dei svenske partia an på ei meiningsmåling frå 11. september:

Samstundes har det kontroversielle partiet Sverigedemokraterna varsla at dei ikkje vil støtte ei regjering som dei ikkje sjølv er med i. Sverigedemokraterna er eit parti på ytre høgre med nazistiske røter, og leiaren Jimmie Åkesson snakkar om «folkutbyte», eit omgrep fleire knyter til den høgreekstreme teorien om at vestlege folk i Europa vert erstatta med ikkje-europeiske innvandrarar. Partiet har 20,7 prosents oppslutning i ei måling frå starten av september.
I midten sit dagens statsminister, Moderaternas Ulf Kristersson. Partiet var i førre veke nede på 17,2 prosents oppslutning. Den sittande regjeringa har vore avhengig av støtte frå Sverigedemokraterna i denne perioden.
Uroar seg for framtida
Alexander Rydberg i Sveriges ungdomsråd trur mange unge i dette valet uroar seg for si eiga framtid, om dei vil kunne finne jobb eller bustad når dei flyttar heimanfrå.
– Eg opplever at det er ganske likt kva unge og vaksne interesserer seg for. Dei store spørsmåla som dei unge bryr seg om, er helsevesen og utdanning. Eg merkar meg likevel at unge tenderer til å vere meir uroa over klimaspørsmålet enn vaksne, skriv han til Framtida.
Ifølge analyseselskapet Novus er helsevesenet den viktigaste saka for svenske veljarar i årets val. I ei undersøking oppgir 66 prosent av dei spurde dette som ei av sine viktigaste saker. Deretter kjem skule og utdanning (53 prosent), lov og orden (50 prosent), innvandring og integrering (48 prosent), eldreomsorg (42 prosent) og landets økonomi (39 prosent).
Plattformer og politikk
Rydberg fortel at partia har ulike strategiar når det gjeld å lokke unge veljarar. Nokre parti brukar sosiale medium og TikTok-trendar flittig for å nå ut, medan andre driv ein aktiv politikk knytt til til dømes utdanning og kollektivtransport.
Hans inntrykk er at dei raudgrøne partia står sterkast blant dei unge. Det vert stadfesta av ei undersøking av Dagens Nyheter og Ipsos, som slår fast at Socialdemokraterna er det største partiet blant dei mellom 18 og 29 år, og at unge veljarar har bevegd seg til venstre, også mot Vänsterpartiet og Miljöpartiet.
– Om dette er ein effekt av valkampanjane deira eller sakspolitikk, har eg ingen god analyse av, skriv han.







