Slik tok Noreg farvel med kong Harald

Unge reiste langvegs frå og møtte opp i bunad for å ta eit siste farvel med kong Harald.

Birgitte Vågnes Bakken/Åshild Slåen/Eirik Dyrøy Lotsberg/Einar Nygaard
Publisert

– Det er ei blanding av mange kjensler. Det er ei oppleving å vere her og sjå alle folka som har kome, men også veldig trist å seie ordentleg ha det. Ein har jo sett nyheitene, men å sjå han ein siste gong blir tøft. Men det er noko ein har lyst til å oppleve.

Malvin Vesterhus ville ta farvel med kong Harald på ein god måte og ønske den nye kongen lykke til. Foto: Einar Nygaard

Det fortel Melvin Vesterhus (20) til Framtida sine reporterar på Slottsplassen før sørgeprosesjonen i kong Haralds gravferd. Saman med kompisen Martin Bjørnestad (20), tok han toget frå Kristiansand klokka to om natta for å sikre seg ein god plass.

– Vi skal følgje gravferda til kongen sånn at vi kan ta eit siste farvel og vitne ei fin stund saman med kongefamilien og dei nære, seier Bjørnestad.

Kong Harald var eit førebilete for Martin Bjørnestad. Foto: Einar Nygaard

Dei to kompisane går på Ansgar Bibelskole i Kristiansand. Bjørnestad møtte aldri kongen personleg, men fortel at kongen var eit førebilete for han, både som menneske og i gudstrua.

Vesterhus tente eitt år i Forsvaret, og ville ta ordentleg farvel med kongen, som då var ein del av kvardagen hans.

– Kvar gong vi åt, helste vi på kongen. Sjølv om han ikkje helste tilbake, så var det han vi såg opp til og tente.

Folkehavet strekte seg frå Slottsplassen og nedover mot Karl Johans gate. Foto: Einar Nygaard

Møtte opp i bunad

Litt lenger ned i Karl Johans gate, har Emma Østensen (21) møtt opp i det finaste ho eig, hallingstakken.

– Det er veldig historisk å vere med på ei sånn gravferd. Det er ikkje kvar dag ein konge går bort, så då ville eg markere det med bunad, fortel ho.

Emma Østensen er frå Vestlandet, men er fødd i Hallingdalen. Ho møtte opp i hallingstakken sin. Foto: Åshild Slåen

Ho trur dagen blir trist, prega av mykje alvor og respekt, men også kjærleik.

– Det er ein historisk augeblink som eg har lyst til å vere ein del av og observere. Eg er veldig historieinteressert, så det er nok mykje derfor. Kongen vår var veldig fin og representerte landet vårt veldig bra.

Østensen hugsar kong Harald som humoristisk.

– Han var veldig folkeleg og snakka med mange, trøysta folk i sorg og samla landet med talane sine.

I tillegg har ho eit eige minne av kongen.

– Eg har sett han éin gong. Det var på Akershus festning i fjor under jubileet på veterandagen og frigjeringsdagen. Då såg eg han fordi kjærasten min var i militæret og hadde parade der, og han kom ut av ein gamal veteranbil.

Emma Østensen ville få med seg den historiske dagen. Foto: Åshild Slåen

Handhelste på kongen

Fremst ved gjerdet som sperrar av Karl Johans gate, møter Framtida Iver Paschen-Eriksen (20) og Stella Paschen-Eriksen (21). Stella var på plass allereie klokka seks om morgonen.

– Det er ein historisk dag, og så var han jo ein samlande figur for heile nasjonen, trass i at vi er veldig ulike. Vi vil vise vår respekt og heidre han ein siste gong.

Iver fortel at han som tiåring møtte kong Harald saman med skulen sin. Han handhelste då på kongen, som besøkte leirskulen Haraldvigen i Kristiansand.

– Det synest eg er litt stas. Og så seier alle at han var heile landets bestefar, og det var han for meg også, men eg innsåg det ikkje før etter at han døydde.

Iver Paschen-Eriksen og Stella Paschen-Eriksen møtte opp på Karl Johan for å vise respekt for kongen. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Stella hugsar kong Harald spesielt for talane han heldt.

– Det var veldig spesielt å høyre på talane hans, fordi han sa alt så riktig på alle dei riktige stadane, seier Stella.

Hennar sitt sterkaste minne av kong Harald, var då ho var med på defileringa etter at han gjekk bort. Alle som ville kunne gå sakte forbi kong Haralds båre i Slottskapellet. Stella går på folkehøgskule i Porsgrunn, og stod opp klokka fire om natta for å reise inn til Oslo.

– Det var ei intim kjensle, og veldig sterkt å oppleve, og så var det ei veldig fin moglegheit til å takke og ære kongen ein siste gong.