Stortingsrepresentantane Hashim (21) og Jonas (28) deltar i kongens gravferd: – Blir veldig spesielt

Framtida.no har snakka med to av stortingsrepresentantane som deltar i kong Haralds gravferd. Dei minnest ein varm og folkekjær konge.

Birgitte Vågnes Bakken/Åshild Slåen
Publisert

– Eg trur det blir ein tårevåt seanse. Kongen vår var folkekjær i ordets rette forstand. Han var ein konge for alle, og alle vil sakne han. Så eg trur dagen blir tøff for nasjonen.

Ap-politikar Hashim Abdi framføre Stortinget før kong Haralds gravferd. Foto: Åshild Slåen

Framtida.no møter Hashim Abdi (21) utanfor Stortinget onsdag morgon. Arbeidarpartipolitikaren er ein av stortingsrepresentantane som skal delta i kong Haralds gravferd litt seinare på dagen.

I forkant av gravferda har Abdi sett opp att den kjende talen til kong Harald frå 2016, for å minnast korleis han var.

– Utan å flytte ei einaste landegrense, bygde han Noreg større ved å gjere plass til fleire folk, inkludert norsksomaliarar som meg, gutar som elskar gutar, og jenter som elskar jenter. 

Abdi vart vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i 2025.

– Eg var heldig og fekk helse på kongen på slottsmiddagen i fjor, kongens siste slottsmiddag. Det føltest stort då, og no følast det heilt enormt. Eg er utruleg glad for at eg fekk lov til å oppleve det.

Representanten frå Østfold vil hugse kongen som ein som møtte folk med ei varm hand på skuldra.

– Som vår nye konge sa så godt; ein varm konge som var alles konge, ikkje dei få, men alles.

Hashim Abdi fortel at tida på Stortinget etter kong Haralds død har vore ei tid til ettertanke og for å sørge over ein folkekjær konge. Foto: Åshild Slåen

Ei historisk hending

Ein liten time seinare har folk byrja å trekke til Karl Johan og stille seg opp for å få god plass ved sørgeprosesjonen. På Eidsvolls plass møter Framtida Jonas Andersen Sayed (28), som også skal delta i gravferda.

– Det blir veldig spesielt. Dette er jo ei historisk hending der vi skal ta farvel med ein konge som gjorde alt for Noreg. Som representant kjenner eg veldig på det at eg representerer veljarane i Rogaland, og eg er den einaste representanten frå min heimkommune Sokndal.

KrF-politikaren fortel at det var litt fram og tilbake om det var plass til alle stortingsrepresentantane i kyrkja, men når han først fekk invitasjonen, var det ei sjølvfølgje å stille opp. Fleire statsoverhovud og kongelege skal delta i gravferda, men Sayed trur ikkje han kjem til å få møte nokon av dei personleg.

– Men det viser jo berre at akkurat i dag er veldig mange auge retta mot Oslo og det som skal skje her. Det er veldig mange som har lagt ned stor innsats for at rammene skal vere så gode som dei er, og dette kjem til å vere ein høgtidleg og fin avskjed for ein konge som stod veldig mange veldig nær.

Jonas Andersen Sayed var klar for kongeleg gravferd. I bakgrunnen har folk byrja å stille seg opp langs Karl Johan for å få med seg den historiske hendinga. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Tida etter kongens død har vore annleis enn den vanlege kvardagen som stortingspolitikar. Politikarane har lagt ned det politiske arbeidet i ein såkalla «borgfred».

– Det har jo skapt litt debatt, men eg trur at det blir litt smått når vi ser tilbake på denne perioden. Vi har hatt ein konge som har tent landet og vore statsoverhovud i 35 år, og når han går bort, tenker eg at det står seg veldig godt at vi har hatt ein roleg periode, seier Sayed.

Også Abdi i Ap opplever borgfreden som riktig.

– Tid til ettertanke og til sørge over vår folkekjære konge, er det mesteparten av tida på Stortinget har gått til.

Lyttande og nysgjerring konge

Krf-politikar Sayed trefte kong Harald ved fleire høve. Første gong var som ung kommunestyrerepresentant for ti år sidan, då kong Harald og dronning Sonja reiste rundt i landet for å markere 25-årsjubileet som kongepar. Det han hugsar best frå det første møtet, var at kongen lytta til han.

– Han visste sjølvsagt kor Sokndal var, det er jo ikkje alle som veit det. Det er det eg sit att med og har høyrt mange fortelje om kongen, at han var veldig til stades og god til å løfte fram folk, og genuint nysgjerrig.

Jonas Andersen Sayed var saksordførar for grunnlovsforslaget i vår om folkeavstemming for republikk. Han meiner ein samlande konge har stor verdi i ei tid som elles er svært polarisert. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Stortingsrepresentanten vil hugse kong Harald som eit statsoverhovud som har vore samlande for heile landet.

– Og så er det jo den personen han har vore. Han representerte kontinuitet, samhald og fellesskap. Noreg for 35 år sidan er veldig annleis enn i dag, men han har vore den same gjennom alle desse åra, både i medgang og motgang, og spesielt i kriser har han vore ein samlande figur som vi kan sjå opp til.