Kong Haakon har gitt ein viktig lovnad
I dag, tysdag 1. september klokka 13.00, avla kong Haakon eid på Stortinget. Då lova han å styre landet slik ein norsk konge skal.
Denne saka blei fyrst publisert i Framtida si systeravis, Framtida Junior.
Då kong Harald døydde førre veke, skjedde det automatisk eit tronskifte og vi i Noreg fekk ein ny konge: kong Haakon. Noko av det første som skal skje ved eit tronskifte, er at den nye kongen skal avlegge eid til Grunnlova på Stortinget.
Å avlegge eid til Grunnlova på Stortinget vil seie at kongen gir ein lovnad. Framfor alle stortingsrepresentantane og stortingspresidenten sa han:
«Eg lovar og sver å ville regjere kongeriket Noreg i samsvar med konstitusjon og lovar, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande.»
Med desse orda lova kong Haakon å styre landet etter Grunnlova og gjere jobben som konge på ein måte som er til det beste for det norske folket.
Grunnlova sikrar at vi har demokrati i Noreg – at alle menneske (over 18 år) i heile landet er med og bestemmer. Med lovnaden kongen ga tysdag føremiddag sa han at Noreg skal halde fram med å vere demokratisk, også under den nye kongen sitt styre.
Fleire frå kongefamilien deltok
Kronprinsesse Ingrid Alexandra følgde kong Haakon då han avla eid. Det skulle eigentleg dronning Mette-Marit òg, men ho blei ikkje med på grunn av helsa si.
Dronning Sonja og prins Sverre Magnus såg på frå Stortingssalen, saman med stortingsrepresentantane.
Kronprinsessa avlegg eid skriftleg seinare i tysdag og sender lovnaden til Stortinget.






